Hilde Kristin Strand

Erlend Spurkeland

Kl 17.30 i ettermiddag heldt brannvesenet framleis på med ettersløkkjing. På eit av nabohusa sprakk nokre glasruter som følgje av varmeutviklinga. Det seier operasjonsleiar Johannessen ved Hordaland politidistrikt.

Til alt hell var det ingen heime då brannen braut ut like etter klokka 15 i ettermiddag.

Det var naboar som varsla brannvesenet. Dei var raskt på staden, men huset var allereie overtent, flammane sto seks-sju meter over taket.

Brannvesenet måtte difor konsentrera seg om å redda to nabohus. Desse husa var òg tomme.

— Alt av verdiar gjekk med. To bilar som sto på eigedommen vart òg øydelagde i brannen. Det var ei stund fare for at desse kunne eksplodera. Det fortel Erlend Spurkeland som var på staden. Han har òg snakka med huseigaren.

Familiefaren var på jobb på Mongstad då han fekk melding om brannen. Han kjørte heim så fort han greidde. Då visste han ikkje då kor resten av familien var, men fekk etter ei stund tak i dei på mobil.

Det viste seg at dei hadde reist frå huset berre ein times tid før brannen braut ut.

No flyttar familien førebels inn hos svigerforeldra.

Brannårsaka er førebels ukjend.