ØRJAN HATTBERG

Politiet konfiskerte våpenet og vil anmelda den 52 år gamle bergensaren for å ha bore våpen som skapte frykt hos andre. Våpenet var eit einhandsvåpen som likna ein revolver. Politiet er ikkje sikre på om våpenet er ekte eller ikkje, men våpenet fungerte i alle fall ikkje.

Det kom melding til politiet klokka 17.50 mandag ettermiddag om at noko som likna eit skytevåpen var blitt observert i parken mellom Smålungeren og biblioteket.

— Då politiet tok kontakt med vedkommande vart det konstatert at våpenet ikkje er funksjonerbart. Det heile gjekk føre seg utan noko dramatikk. Det var aldri nokon som var truga, fortel vaktsjef Øystein Jarland ved Hordaland politidistrikt.

Ved sida av den revolverliknande gjenstanden konfiskerte politiet nokre tablettar dei fann på 52-åringen. Mannen vart innbrakt til politikammeret. Etter at han hadde forklarte seg, og vart gjort kjent med at han vart anmeldt, blei han dimittert.

UFARLEG VÅPEN: Politiet beslagla eit våpen som ikkje var i funksjonabel stand. Aksjonen gjekk udramatisk for seg.