Mandag møtte to søskenbarn på 30 og 31 år frå Stord og Ølen i Sunnhordland heradsrett med ein tiltale om å ha selt 600 heimelaga parabolkort i 1995 og 1996, og med eit krav om å betala 600.000 kroner til staten for aktiviteten sin.

Trass i at 30-åringen vedgjekk storproduksjon av kort organisert gjennom ulike firma der søskenborna var involverte, nekta begge straffeskuld etter tiltalen. Han meinte at slik produksjon ikkje var ulovleg, medan søskenbarnet frå Ølen hevda at han hadde ei heilt perifer rolle.

Ny lov

Aktor i straffesaka, politijurist Ole B. Mevatne vedgjekk at lovverket var på helane i høve til den tekniske utviklinga på området først på 1990-talet. Men Stortinget vedtok ei ny lov med verknad frå 7.april 1995 som gjer det straffbart å ha skaffa seg sjølv eller andre "en vinning ved å få tilgang til fjernsynssignaler eller medvirket til dette."

Det var store satellitt-TV-selskap som TV1000, MultirChoice og Telenor CTV som pressa på for å få politiet til å stoppa pirataktiviteten. Selskapa etablerte ei antipiratgruppe og sette eit advokatfirma i Oslo på saka. Piratkorta påfører selskapa tap av millioninntekter, over 8000 kroner pr. abonnent over halvtanna år. Dei tiltalte på Stord tok ifølgje politiet 700 — 1500 kroner pr. kort, og opptil fleire hundre kroner for å omprogrammera gamle kort etterkvart som kodane endra seg. Basert på aktiviteten til Jalla Kortservice og andre av dei tiltalte sine selskap er det tidlegare skrive ut rundt tusen bøter på 5000 kroner kvar. 549 av dei blei vedtekne.

I Noreg er rundt 30 personar i 15 politidistrikt melde for piratkortproduksjon, og det er varsla 20 ytterlegare 20.

Økokrim fann kundeliste

— Det var ein grei aktivitet, berre synd det var så mange aktørar i marknaden, sa den tiltalte 30-åringen til heradsretten sin administrator Hedvig Moe.

— Du treng ein brennar og ein datamaskin. Elles ligg dei ulike tv-kanalen sine kodar fritt tilgjengelege på internett, sa 30-åringen. Den 30-årige Stord-seljaren hevdar at han blant anna i samtale med politiet fekk vita at lovene var uklare på området. Han annonserte parabolkort i ei rekkje aviser landet rundt.

I mars 1996 blei det gjort beslag i produksjonsutstyr hos dei to tiltalte, og politiet rekna med at produksjonen då tok slutt. Men politiet spora opp ny kortaktivitet rundt søskenbarne sine selskap, og i desember 1996 blei det gjort nye rassiar og beslag, og varetektsfengslingar. 30-åringen hevdar at aktiviteten så å seia stoppa opp etter første rassiaen, trass i at politiet sit på korrespondanse som tyder på det motsette.

Økokrim greidde å gjenoppretta ei sletta kundeliste som i alt inneheldt om lag 1500 namn og adresser. Dei tiltalte hevdar at det er lister over kundar som har handla mange typar produkt, også antenner og trådlause telefonar. Dei seier óg at dei produserer heilt lovlege smartkort på brennarane sine.

- Grov porno

30-åringen sin forsvarar, advokat John Raknes, meiner satellitt-TV-selskapa må ordna opp i ulovleg kortpraksis sjølve, slik NRK gjer med lisensfri lytting og titting.

Ifølgje Raknes må selskapa slutta å be politi og rettsvesen om vern til å driva uforstyrra vidare for å tena pengar, blant anna på pornokanalar som "er noe av det groveste jeg har sett."

Raknes og kollega Thor Harald Eike, forsvarar for 31-åringen sa at det ikkje var bevis som held mot dei to tiltalte at "kundane" deira har vedteke førelegg. Forsvararane peikar på at førelegga blei sende ut utan etterforskning, og at det berre er bruk av piratkort som kan straffast. Det er sett av to veker til rettsaka, der det er kalla inn rundt 50 vitne, blant dei kortkjøparar frå fjerntliggjande strøk i landet.