Aetat sjekka ikkje om mannen faktisk følgde studieprogresjonen som han sa.

No har statsadvokaten i Hordaland sett den falske juristen under tiltale for både svindelen av Aetat og for å ha tatt seg jobb som politijurist utan å ha avlagt juridisk embetseksamen.

Ikkje eingong godkjent eksamen artium kunne mannen slå i bordet med, men det var det ingen som undersøkte før det var gått 11 år.

Gjorde god jobb

I dette tidsrommet — november 1990 til 11. juni 2001 - hadde den 30 år gamle mannen til saman fått utbetalt vel 805.000 kroner i attføringspengar, dekning av bu- studie- og reiseutgifter samt dekning av lønsutgifter den siste tida då han arbeidde på falske premissar som jurist ved Fjordane politikammer i Florø. Saka vekte stor oppsikt då den falske politijuristen vart avslørt hausten 2001. Då hadde han arbeidd i nesten to månader ved kammeret, og på den tida blant anna aktorert tre rettssaker og utferda 31 forelegg.

Ingen hadde noko å setje fingeren på i måten han utførte jobben på, og saka vart oppdaga då han etter purringar ikkje kunne framlegge noko juridisk eksamensbevis.

For denne forsøminga vart politidistriktet etterforska av SEFO og ilagt ei bot på 10.000 kroner.

Ikkje ein eksamen

Den utrulege historia skulle altså pågå i nesten 11 år før den vart avdekka.

31-åringen har eit fysisk handicap, og hadde difor rett til utvida økonomisk støtte til å få gjennomført den juridiske utdanninga si.

På overflata såg det heile ut som stjerneeksempelet på korleis systemet kunne hjelpe ein ressurssterk funksjonshemma fram til å fungere i eit sjølvstendig og krevjande yrke.

Ikkje berre fekk han hjelp gjennom heile den juridiske utdanninga; han fekk også Aetats hjelp til å få seg jobb som jurist i politiet.

Problemet var at sjølv om han faktisk hadde følgd studieprogresjonen på lesesalen gjennom dei ulike avdelingane på juridisk fakultet, så avla han aldri ein einaste deleksamen.

Det lot seg rett og slett ikkje gjere, fordi han heilt frå starten av mangla formell studiekompetanse.

Kravde ikkje dokumentasjon

31-åringen har fått ut pengar ved ei rekke Aetat-kontor, både i Ålesund, Bergen, Måløy, Haugesund og Sandvika. No har statsadvokaten tiltala mannen etter straffelova for både grovt bedrageri samt «uhjemlet å ha utøvet noen offentlig myndighet» for å skaffe seg ein uberettiga fordel.

— Det er kravet til dokumentasjon som har svikta over heile lina i denne saka, seier 1. statsadvokat Walter Wangberg.

Tiltalen har ei øvre strafferamme på sju års fengsel, men Wangberg understrekar at straffekrav og utmåling normalt er langt lægre i økonomiske saker av denne storleiken. Han vil ikkje kommentere tiltalen ytterlegare, ut over at påtalemakta ikkje meiner at han har flytta rundt til ulike Aetat-kontor i den hensikt å ta ut dobbel stønad.

Han har ikkje henta ut av systemet meir enn kva han ville hatt rett på, dersom han berre hadde avlagt dei eksamenane som Aetat la til grunn for utbetalingane.