Han er tiltalt for å ha gitt falske opplysninger, for misbruk av stillinga si og for å ha rundlurt Aetat for ca. 805.000 kroner over eit tidsrom på ti år.

Ifølgje Aetat er dette den største svindelsaka etaten nokonsinne har politimeldt i Norge.

Bak bedrageriet ligg historia om ein fysisk handicappa mann som strauk til eksamen artium, og som aldri fekk seg til å fortelje sanninga til omverda. I staden tok han opp og følgde jusstudiet, men utan å avlegge så mykje som ein einaste deleksamen undervegs. Karrieren gjekk heilt inn i politiet, der han rakk å aktorere fleire straffesaker.

Skulle sagt fra

Overfor Bergens Tidende fortalde 30-åringen i april i år korleis den ufattelege historia kunne gå til.

— Det er klart at eg skulle ha sagt ifrå heilt frå starten, så hadde eg unngått alt dette. Men eg fekk meg ikkje til å stå fram og seie korleis det hang saman. Det balla på seg, vart ein vond sirkel, sa mannen som i dag må møte for retten.

Den oppsiktsvekkande saka byrja altså med ei lita usanning etter avslutta vidaregåande skule. Han strauk i eitt fag, og oppnådde såleis ikke godkjent eksamen artium. Dette heldt han skjult for alle, inkludert foreldra og øvrig omgangskrets. Etter kvart som jusstudiet skreid fram, vart fallhøgda berre større og større. I over ti år bar 30-åringen altså på sin eigen triste løyndom: Utad var han den vellukka og ressurssterke jusstudenten som trossa sitt fysiske handicap, men sjølv visste han inst inne at glansbiletet var bygd på ei løgn. No er han budd på å ta oppgjeret som kjem i retten.

Forsømte kontrollplikt

— Undervegs var det slik at eg faktisk følte at eg hadde rett på desse pengane, for eg gjekk jo på lesesalen og følgde forelesingane utover i studiet. Eg deltok på festar og elles i det sosiale studentlivet, fortalde han til Bergens Tidende i vår.

Etter endt studium aktorerte 30-åringen tre straffesaker før han vart avslørt. At han faktisk har studert jus kom tydeleg fram i rettssalen, for han utførte jobben på ein måte som gav korkje dommar eller motpart noko som helst å setje fingeren på.

I retten i dag vil forsvarar Harald Stabell venteleg køyre hardt på at både leiinga ved Fjordane politikammer og Aetat har forsømt si kontrollplikt.