Fire froskemenn frå Bergen Brannvesen, redningsskøyta «Odd Fellow» og leitemannskap frå Tysnes Røde Kors Hjelpekorps avslutta i går kveld sine søk i området. Marinens KNM «Tyr» overtok med miniubåt, og søkte langs øya Skorpo med kamera på den fjernstyrte farkosten.

— Vi vil i dag drøfta nærmare om det er grunnlag for vidare søk, seier lensmannsbetjent Jarle Matre.

Funn i skrenten

I går ettermiddag blei det ved hjelp av tau gjort undersøkingar i den stupbratte fjellskrenten på Laukhamar som 32-åringen truleg har falle utfor grytidleg sundag. Ifølgje lensmannsbetjent Matre blei det gjort mindre funn som skal undersøkjast nærmare.

Sundag blei det funne ein mobiltelefon i sjøen under utsiktsposten der 32-åringen, ifølgje eigne uttalar over telefon, sa at han var. Telefonen tilhøyrer sakna.

Kan ha mista balansen

Den einslege 32-åringen frå Stord er for tida busett i Oslo. Han har hytte nær slektningar like ved utsiktsposten på Laukhamar på sørspissen av øya Skorpo.

32-åringen synte ifølgje politiet ingen unormal oppførsel før han gjekk tur til utsiktspunktet. Heller ikkje telefonsamtalen som han gjorde derfrå til ei venninne tyda på at noko var unormalt. Leitemannskapa fryktar at mannen har mista balansen og falle rett utfor det 20 meter høge stupet og i sjøen, og deretter har drukna og blitt ført med straumen.

ULUKKESSTAD: 32-åringen har sannsynlegvis falle utfor dette stupet på Laukhamar på Skorpo på Tysnes og drukna. Omfattande søk i den straumsterke sjøen gav ikkje resultat i går.
Foto: Ove Olderkjær