Ambulanse, luftambulanse og politi rykka ut til Naustdal då dei fekk melding om fallulykka i 13-tida i ettermiddag. Ulukka skjedde på ein låve i Redalen.

Ein mann i 70-åra hadde falt gjennom ei luke i golvet og ramla ned 2-3 meter.

Mannen var medviten, men blei frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulansen. Ifølgje Firda pådrog mannen seg moderate skader i fallet.