Klokka 17.50 fekk politiet melding om eit arbeidsuhell ved Havyard i Leirvik.

– Ein arbeidar har falt cirka fire meter. Luftambulanse vart sendt til staden, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane polidistrikt.

Mannen skal vere vaken, ifølgje politiet.

Ulykke i Florø

Tidlegare i ettermiddag skjedde det ei arbeidsulykke ved STX-verftet i Florø. Ein mann vart skadd under arbeid med ei krane, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Mannen vart frakta til sjukehus med ambulanse, og skadeomfanget er førebels ukjent. Arbeidstilsynet er varsla om hendinga.