– Han vart send i luftambulanse til sjukehuset i Lærdal, men ifølgje AMK såg han relativt uskada ut, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Mannen var saman med ei gruppe studentar i klatreveggen då ulukka skjedde. Det skal ha oppstått ein kommunikasjonssvikt mellom ham og mannen som sikra.

Avdelingsleiar Per Odd Grevsnes i Sognahallen seier til NRK at det ikkje var noko gale med den 18 meter høge klatreveggen. Han meiner det må vere sikringa som på ein eller annan måte har svikta.