Terje Ulvedal

Haukeland Universitetssykehus opplyser torsdag ettermiddag at mannen er alvorleg skadd, men at tilstanden hans er stabil. Han er innlagt på intensivavdelinga på sjukehuset.

Den skadde arbeidde med å føre opp ei ny terrasseblokk i Førde sentrum. Politiet seier at mannen har falle frå taket av bygget og kring 11 meter rett ned. Han landa på nokre betongfliser som låg på eit mjukare materiale av isopor. Dette har truleg dempa fallet.

Politiet vil ikkje spekulere i om isoporen redda livet til mannen.

— Men då vi såg kor høgt det var, trudde vi det var gått mykje verre, seier politibetjent Jan Bjarte Skrøppa ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet opplyser at lovmessig sikringsutstyr har vore tilgjengeleg for mannen, men det skal ikkje ha vore brukt då ulukka skjedde.

Mannen var først innom sentralsjukehuset i Førde, før han blei overført til Haukeland med luftambulanse. Dette blei gjort fordi røntgengutstyret i Førde var ute av funksjon, og mannen blei send til Bergen for ei CT-undersøking. Metoden vert nytta for å sjekke om mannen har indre skader.

Arbeidsulukka skjedde rundt klokka 10.30. Mannen var ved medvit då ambulansepersonell og politi kom til staden like etter.

<b>SÅ GODT SOM USKADD:</b> Her blir mannen, som er i midten av 20-åra, lagt inn i ambulansen og køyrt til sjukehus. Han arbeidde med bygginga av Lia Terrasse i Førde då han fall kring 11 meter rett ned.
ODDLEIV APNESETH