For tredje år på rad markerer Lysekloster Sanitetsforening inngangen i adventstida med fakkeltog, juletregang og nissebesøk. Vi startar på Lysekloster skule kl 16, der Lysekloster Barnekor syng for oss. Toget går til Gamleskulen, der det blir open kafé og gang rundt juletreet. Kaland/Lysefjorden Musikklag spelar med oss, og Nissen har til no funne fram til syngande barn kvart år.

Bli med store og små på ein stemningsfull start på adventstida!

Lucialys og faklar er til sals på skulen.

Vegen vil bli stengt medan toget går (Helleskaret/Drange).

1. søndag i advent, 2.desember kl 16:00