— Her på Stord vil vi verta sett 40 år attende i tida dersom kvinnene må reisa til Haugesund for å fø. Vi kan ikkje akseptera at fødeavdelinga vert gjort om til fødestue og akuttmottaket vert fjerna, seier Anne Grete Sandtorv.

Stordabuane har difor vald å gjera kvinnedagen til ein brei protestdag mot administrasjonen i Helse Vest sine planer om å leggja ned akuttmottaket og fødeavdelinga på Fylkessjukehuset.

Sandtorv er talskvinne for komiteen som skipar til fakkeltog for å slå ring om sjukehuset

Komiteen, Kvinnepolitisk Forum, reknar med at det vert folksamt i gatene i Leirvik i kveld.

-1000 faklar er kjøpte inn. Blir ikkje det nok, får vi få fatt i fleire, seier Sandtorv.

Etter toget held arrangementet fram på Arene. Der held forfattaren og spaltisten Selma Lønning Aarø hovudtalen. Ho skal snakka om kvinnerolla slik dei unge kvinnene ser henne i dagens samfunn.

Pinleg

I Odda vert det ikkje tog i år. I staden har 8. mars komiteen vald å halda eit arrangement på Industristadmuseet. Dit kjem også nyvald nestleiar i Raud Valallianse, Marte Mjøs Persen. Og ho vil setja fødetilbodet for kvinner i distrikts-Norge på dagsordenen i talen sin.

— Det er pinleg at vi i eit likestilt samfunn må bruka 8. mars i 2003 til å forsvara det som burde vera opplagte rett . Å leggja ned fødeavdelingar er rein kvinnediskriminering og kan ikkje aksepterast, seier ho.

— Statens overtaking av sjukehusa har ført til ei sterk sentralisering. I heile landet går no helseregionane til angrep på lokalsjukehusa. Og det er fødetilboda og akuttberedskapen som vert hardast ramma, seier Persen til Bergens Tidende.

Ironi på Voss

På Voss er det Fellesorganisasjonen (FO) som har ansvaret for markeringa av kvinnedagen i år.

Til deira møte er Sultana Dari invitert til å halda eit kunstnerisk foredrag.

Sultana har marknadsføringsutdanning frå heimlandet. Men i Noreg har ho måtte livnæra seg som magedansarinne og vaskehjelp.

Ho skal framføra ein ironisk versjon av innvandrarkvinnenes sin status i arbeidslivet. For høvet kallar ho seg Miss Søppel. Ho har kjole av ein svart søppelpose og ei krone med påskrifta Lowprice og ymse prislappar på.