Terje Ulvedal

Opprøret legane ved sjukehuset starta, fekk i kveld formidabel tilslutnad frå heile Nordfjord. Både frå ytre og indre delar av fjorden samla folk seg på Nordfjordeid i ein voldsom demonstrasjon av vilje til å kjempe for sjukehuset.

Ikkje ein popartist kunne fått liknande klappsalvene som dei som møtte barnelege Ole Sverre Haga og overlege Rune Muri, dei to som har drege i gang aksjonen, då fakkeltoget enda i eit ope møte i det gamle ungdomshuset Valhall.

I Nordfjord snakkar no stadig fleire om å boikotte sjukehuset i Førde, dersom Helse Førde, helseføretaket i Sogn og Fjordane, gjer alvor av planane om å akuttberedskapen i ortopedisk kirurgi ved sjukehuset. Skjer dette vil alle pasientar med små eller store brotskadar måtte fraktast til Førde.

— Vi vil ikkje reise til Førde. Vi dreg heller til Volda, seier Tordis Næss. Ho har nett fått fyr på fakkelen, og er klar til å gjere sin innsats i fakkeltoget. Ektemannen Øyvind og Oddveig Karadas støttar fullt opp.

— Både nordfjordingar og sogningar er rasande på Helse Førde, meiner dei tre.

På folkemøtet i ungdomshuset gjorde kommunelegen i Vågsøy, Trond Inselseth, det klart at han vil legge pasientar inn i Volda. Dit har vågsøyværingane halvannan time å reise.

Til Førde går det nesten dobbelt så lang tid.

— Til Førde får pasientar i Ytre Nordfjord ei reise som svarar til avstanden Oslo-Lillehammer. I tillegg kjem ferja, sa legen.

Eid-legane som har starta opprøret mot sin eigen arbeidsgjevar, meiner det ikkje finst økonomiske argument for å flytte deler av akuttberedskapen. Mange nordfjordingar fryktar at dei planlagde kutta ved sjukehuset på Eid, er første steg i det som vil ende i nedlegging. Dette avviste direktøren i Helse Førde, Jon Bolstad, då han tok steget inn i løvehola i kveld.

— Det eksisterer ikkje noko problemstilling i retning av å diskutere nedlegging av Nordfjord Sjukehus, sa Bolstad. Dermed fekk han med seg ein aldri så liten klappsalve han også.

FAKLAR BLEI RIVNE VEKK: 2000 innkjøpte faklar blei rivne vekk då nordfjordingane massemobiliserte for sjukehuset sitt i kveld. Fakkeltoget gjekk frå kyrkja, gjennom Eidsgata og til ungdomshuset i andre enden av sentrum.
ØYSTEIN TORHEIM