Svære greier, tykkjer næringssjef Bjørn Blindheim: — Dette er med på å gje kommunen ein profil, seier han.

— Eg meiner dei kunne funne betre måtar å profilere Stryn på, sukkar kultursjef Arne B. Berge.

Skal sjå på Oldenvatn

Omgrepet «Fagre Stryn» får nytt innhald når dei 12 finalistane i Frøken Norge 2002 invaderer den naturskjønne kommunen i februar. Over fire dagar skal dei fagre kvinnene posere framfor TVNorges fjernsynskamera i vakker strynenatur.

Damene skal ifølgje promoteringa vere med på isklatring og kanefart. Og dei skal sjå på tapping av Olden-vatn. Opptaka til fjernsynsprogrammet skal gjerast ei rekkje stader i Stryn, og mellom anna profilere merkenamn som Olden Brevatn og Stryn Skisenter.

Laurdag 23. januar blir opptaka avslutta med eit digert Frøken Norge-show på Hotel Alexandra. Same helga som Alexandra i eit stort flygeblad lokkar med familiehelg på hotellet.

Lokalt næringsliv betaler

Det lokale næringslivet i Stryn betaler for å få synt fram produkta sine på skjermen. På den måten er næringslivet i Stryn med på å sponse programmet og missekåringa.

Den kommunale næringssjefen i Stryn, Bjørn Blindheim, seier til Bergens Tidende at han ser på Frøken Norge-arrangementet som eit resultat av auka innsats rundt profileringa av Stryn. Ikkje minst understrekar han at det nye aktivitetsselskapet Fagre Stryn har engasjert seg sterkt og gjort ein god jobb for å få missekandidatane til Indre Nordfjord.

— Eg synest dette er heilt greitt. Det set Stryn på kartet og er med på å gje oss ein profil.

— Både reiselivskommunen Stryn og fleire bedrifter i kommunen er sterke merkevarer. Har du ingen innvendingar mot denne type profilering?

— Nei, eg har ingen motførestillingar til at merkevarer og næringslivet i Stryn skal knytast opp mot missekåringar.

Ingen sans

Men alle i Stryn er ikkje like oppglødde som næringssjefen. Hans etatsjefkollega, skule- og kultursjef Arne B. Berge, er mellom dei som ikkje deler entusiasmen.

— Eg har ingen sans for missekåringar. Men vi har ikkje noko med å leggje band på næringslivet, slår han fast.

— Men som øvste sjef for kulturen i Stryn, kva meiner du om denne type marknadsføring?

— Eg synest vel at det ville vore betre måtar å profilere seg på, svarar Berge.

Det er lesarane av vekebladet Se og Hør som har plukka ut missedusinet som skal til Stryn. I tillegg til showet i Stryn skal kvinnene presenterast i fire andre program.

Sjølve finalen går i Oslo i mars. Vinnaren der går vidare til Miss Universe-finalen.

PÅKLEDDE: – Jentene skal vere med på breklatring og kanefart, og då seier det seg sjølv at dei er godt påkledde, seier Sonja Halsebakk. Ho var sjølv Frøken Norge-finalist i 1993 og meiner at opplegget i Stryn vil gje god reklame til bygda.
FOTO: ODDLEIV APNESETH