For vi er i dei beste hender i ruskeveret, og i sekken har vi stigjarn og tau og isøkser og greier. Og fremst i rekkja går Åsmund Bakke (28), breførar og dagleg leiar i Folgefonni Breførarlag.

Hardanger og Folgefonna har vore turistattraksjonar så lenge turisme har vore næringsveg, og i 1905 var Odda den mest vitja turiststaden i Noreg. Fine fruer og tweedkledde lordar let seg frakta på hesteryggen opp Keisarstien, i hest og slede over fonna, og så på hesteryggen ned til bygds att på Odda-sida. I mellomtida hadde skipet dei kom over Nordsjøen med, sigla rundt og inn Sørfjorden for å koma dei i møte.

Eit par hundre meter is

Folgefonna var turens høgdepunkt i meir enn ein forstand. Kvit og vakker og mystisk frå distanse, uendeleg mektig og til å undrast over når du står der med eit par hundre meter is under skosolene.

Eit hundreår seinare har breen nett den same tiltrekkingskrafta, men trafikken opp og over har for det meste lege nede. Iallfall som næringsveg. Til Folgefonni Breførarlag vart etablert i 1994. No er rundt 15 breførarar i sving med opptil 150 gjester på ein og same dag. På ein sesong (15. juni og ut september) har dei ein stad mellom 3000 og 4000 turistar på tur på breen. Ikkje på dristige ekspedisjonar ut i det ukjende, men på turistvenlege turar fram til brekanten og inn i blåisen. Litt klatring, litt rappellering. Gispande utsyn mot fjord og fjell.

Men det er for ekspedisjon vi kjenner oss kledde, der vi jumpar ut av breførarbua 1200 meter over havet. Ut i piskande regn og isande vindar. På kjelke let vi oss draga endå 200 høgdemeter opp på breen, før vi sig nokre meter ned att i terrenget. Derifrå er det å krumma nakken og kryssa fenner og eksponert fjell fram mot Juklavassbreen inne i nasjonalparken.

Kunnskapsrik

— Det var dumt med vêret, men samstundes er det kjekt å kjenna litt på naturens krefter, ropar Åsmund gjennom kulingen. Han kjenner ikkje berre breen og breens utfordringar, han kan dessutan det meste om korleis breen blei til, om korleis breen har endra seg og endåtil vart borte og kom att. Og han kan sogene og segnene og historiene som knyter seg til denne enorme klumpen med is og snø.

Det er kunnskap han meir enn gjerne deler med dei som vil høyra.

— Forlgefonna er ein marin bre. Her er det dei store nedbørsmengdene og ikkje låge temperaturar som fører til at breen blir halden ved like. Her inne kjem det 5000 millimeter nedbør i året. Om lag dobbelt så mykje som i Bergen. Frå oktober til mai kjem nedbøren som snø, fortel Åsmund.

Ifølgje Breførarlaget er Juklavassbreen Noregs mest tilgjengelege brefall. Her brettar Nordrefonna seg ned frå platået og sig med ein fart på 50 meter i året ned i det regulerte Juklavatnet. I dette området får tyskarar og nederlendarar, polakkar og russarar, japanarar og amerikanarar og folk frå dei underlegaste utkantar nærkontakt med noko dei aldri tidlegare har opplevd.

Å sjå historie bli til

For oss er breen synleg på klåre dagar, frå Ulriken og Løvstakken og Møsnuken og Veten og Bjørnefjorden og ei rad andre stader. For oss er ikkje breen nett like eksotisk.

Men det er noko anna å ha breen under føtene enn til kulisse. Å kjenna stigjarna bora seg ned i isen, å kika ned i ei botnlaus sprekk, å sjå korleis isen skurar og gneg og produserer sand og stein og skubbar blokker store som hus framfor seg. Det er nesten som å sjå historie bli skapt framfor augo dine.

For ikkje å snakka om fargane. Alle variasjonar i blått. Smaragdgrøne vatn. Grått og svart og brunt fjell. Den kvite kappa over det heile.

— Det er fantastisk flott. Sjølv i ruskevêr er dette ei unik naturoppleving, seier Åsmund Bakke.

Han reknar med at om lag 40 prosent av gjestene er norske, og no let det seg gjera å oppleva fonna på ein dagstur får Bergen med buss til Norheimsund og båt til Jondal. På kaien tek breførarar imot. Breførarar som kan både fag og fakta.

— Tryggleiken til gjestene er det viktigaste. Vi har hatt eit beinbrot ein gong, men det skjedde på fjellet, ikkje på breen. På breen har vi ikkje hatt noko alvorleg uhell, fortel Åsmund Bakke.

øivind ask
øivind ask