Anders Lunde og Adrian Davanger i Gruppe 64 kledde av seg i god tid før alvoret begynte i går kveld.

— Dei to er ekstra motivert, forklarer Tommy Einmo, som framleis har T-skjorta på. Ho viser at han er fadderkiddo ved BI, også han i Gruppe 64. Gjengen er på veg til Ole Bulls plass, der dei om ti minutt skal konkurrere - i kleslenkjer.

PONCHO OG PØLSER: - Eg er forelska i Bergen, seier Rachel Rankin (til v.) frå Skottland. Ho er utvekslingsstudent ved UiB, og eitt av dei 20 fadderbarna som fadrane Marie Svardal og Claudia Barbosa (med cap) tek seg av denne veka. I går var dei på Nordnespynten saman med dei ferske HF-studentane (frå h.) Jason Sinclair, Kari Raudstein og Maria Veniamakis
ELIAS DAHLEN
FOR ALLE: - Fadderveka er også for godt vaksne studentar, seier Arnt Roberth Leganger (57). Han leiar vaksen-faddergruppa ved HF-fakultetet ved UiB, som i år tel ca. 15 studentar.
ELIAS DAHLEN
FADDERSPORT: Fadder Pål Jødal får inn ein smash mot Kornelia Minsaas (i midten bak), Tonje Larsen (t.h.) og Kristine Akselsen på den improviserte volleyballbanen i Nordnesparken.
ELIAS DAHLEN
KAMP OM PLASSEN: Duene levde farleg under kubb-turneringa på Nordnespynten i går kveld.
ELIAS DAHLEN

— Det gjeld å lage den lengste lenkja. Av kleda vi har på oss. Eller har hatt på oss. Vi skal vinne, forklarer Einmo, som skal studere marknadsføring ved BI.

Topp med mange norske

Det er den årlege fadderveka i Bergen, der UiB aleine har 5000 nye studentar fordelt på 1000 fadderar

— Åh, eg er så god i kubb altså, seier Kornelia Minsaas og svingar kastepinnen. Ho er fadder ved humanistisk fakultet ved UiB, og i går på plass ved Nordnespynten. Der var det kubb-konkurranse, grilling, volleyballturnering og symjekonkurranse for ny-studentane.

— For meg er dette heilt topp, med så mange norske studentar i gruppa, seier Rachel Rankin (20) frå Glasgow - på norsk. Ho studerer skandinavisk ved universitetet i Edinburgh, og skal nå ha eitt års utveksling ved UiB - blant anna for å lære seg språket skikkeleg.

— Eg var på Noregsferie i fjor, og forelska meg i Bergen med ein gong.

— Ja?

— Eg var først i Oslo. Det var som ein heilt vanleg europeisk storby, og kjendest ikkje spesielt norsk. Her i Bergen var det fjell rundt om, gamle, flotte trehus og svært, svært vennlege folk. Så då eg fekk valet mellom å studere i Oslo og i Bergen, var det ingenting å lure på. Og dette verkar lovande, seier Rankin.

Poncho til alle

I bakken passar fadder Claudia Barbosa dei 25 regnponchoane som ho og medfadder Marie Svardal har skaffa frå ein vennlegsinna restaurantkjede.

— Det vart litt vått tysdag, seier Svardal, som studerer litteraturvitskap på andre året. Programmet er stramt, med quiz måndag, samling og konsert på Kvarteret tysdag, grilling i Nordnesparken i går, bar-til-bar-runde i kveld og 20-talsfest på Bryggen fredag.

— Men det har gått fint altså. Vi passar på at alle får i seg nok mat og drikke. Og så er vi nøye på at det ikkje skal vere noko drikkepress. Lykkepromille er tingen, seier Barbosa.

— Og seinare i kveld skal vi på Hulen og høyre Lars Vaular. Vi må jo introdusere utvekslingsstudentane til Bergens store son, seier Svardal.