Styret ved Universitetet i Bergen (UiB) hadde i dag fadderveka oppe til behandling, og det vart eit møte med mykje debatt.

Diskusjonen gjekk særleg rundt kor lenge fadderveka skal vara. I forslaget som til slutt vart vedteke, oppfordrar styret at det i vidare arbeid med fadderveka blir «lagt særleg vekt på fadderperiodens varighet.»

Det er studentrepresentantane i universitetsstyret svært ueinige i.

— Det er eit blindspor slik me ser det. Det er viktig å ha fokus på kvalitativt gode opplegg, ikkje kor mange dagar fadderopplegget varar, seier Magne Seierslund, studentrepresentant.

Sjølv om det i sakspapira ikkje er skrive at fadderveka skal kortast, reknar Seierslund med at det er slik vedtaket vil bli tolka når dei ulike fakulteta skal jobba vidare med å evaluera og vurdera endringar for fadderveka.

Kan ikkje stressa

Seierslund peikar på at UiB allereie har ei kortare fadderveke enn til dømes Høgskolen i Bergen som har to heile veker til å ta imot nye studentar.

— Dette er den perioden kor alle nye studentar ved UiB skal få lov til å gjera seg kjent med institusjonen, faget sitt og medstudentane. For mange dreier det seg også om å gjera seg kjent med ein ny by og å få ein overgang til det frie studentlivet. Ein kan ikkje stressa gjennom det på eit par dagar, seier Seierslund.

Han får støtte frå Yngve Høiseth, i Studentparlamentet ved UiB.

— Eg steglar ikkje når eg høyrer dette, men om dette betyr at fadderveka vert vesentleg kortare enn kva ho er i dag, er det synd, seier Høiseth.

Han les universitetsstyret sine formuleringar som at dei opnar for ei forkorting.

— Det er klart ein bør ha eit medvite forhold til kor lenge fadderveka skal vara, men studentane vil ikkje rekka å bli kjent om fadderveka er kortare enn i dag, meiner Høiseth.

Ingen føringar

Gry Jordet Kibsgaard var ein av dei som argumenterte for at lengda på fadderveka er viktig å drøfta. Ho er representant for dei administrativt tilsette i universitetsstyret.

— Når me no likevel skal vurdera fadderveka, er det eit element som også må vurderast. Me kan ikkje bestilla ei utgreiing og seia at ein ikkje skal sjå på kor lenge fadderveka skal vara, seier ho.

Kibsgaard meiner ikkje studentane har grunn til å frykta forkorting på bakgrunn av styret sitt vedtak.

— Eg meiner at me ikkje har lagt føringar verken den eine eller den andre vegen. Det som er viktig er at me får ein heilskapleg stil for korleis me gjennomfører fadderveka ved UiB, seier Kibsgaard.

Universitetsstyret skal etter planen fatta endeleg vedtak om eventuelle endringar for fadderveka på møte 14. april.