Maisola skin på himmelen, det er søndag og fridag for dei fleste. Snart er det konsert inne i den gamle tricotagefabriken i Sahus.

60 stolar

Songaren Veslemøy Fluge Berg, Vidar Eldholm på keyboard, Johan Sebastian Blum på cello og Paradis barnekor, testar og undersøkjer akustikken med sine stemmer, strenger og tangentar og blir kjende med spoleloftet i tricotagefabriken. Dei er nøgde.

Og dei siste stolane er på plass, 60 i alt. Det skal vel halda?

Velsemøy Fluge Berg fester mikrofonen rundt øyra og sjekkar repertoaret ein siste gong. Ho fester skautet på hovudet, og trekkjer sjalet om skuldra over den blomstrete blusen og blir ”Anna” frå Øygarden. Me er langt tilbake i tid.

Kø utanfor

Ungane i Paradis barnekor sjekkar at kufta er på, skautet sitt rett og at treskoa ikkje dett av. Dei karder ull, og strikkar. Det er stille inne på spoleloftet.

I rommet utanfor, i kafeen på Norsk Trikotasjemuseum, er det ikkje roleg. Utanfor museet står folk i kø for å koma inn. Dei vil oppleva denne framsyninga som i dag skal framførast på Norsk Trikotasjemuseum for første gong, nemleg Fabrikkjenta på Salhus Tricotagefabrik.

Veslemøy Fluge Berg har sett saman framsyninga av kjende songar, ein ny song skriven av Vidar Eldholm og tre eigenkomponerte. Mellom songane skal me bli kjent med ”Anna” som reiser frå Øygarden for å jobba på fabrikken.

60 nye stolar

Endeleg har alle kome inn og det blir sett fram nye stolar, og til slutt har over 120 vaksne og mange barn funne seg ein sitjeplass mellom spolemaskinane inne i fabrikken der lukta etter hardt arbeid ennå heng i veggene.

”Anna” kjem syngjande inn. Vakre barnestemmer heng seg på og med dei varme tonane frå celloen til Johan Sebastian Blum reiser håra på armane seg. Saman med Vidar Eldholm på keyboard framfører dei mellom anna songane "Kom skal vi klippe saue", "Du såg meg i auge" (ny sang), "Sorgen og gleda" og "Sommernatt ved fjorden".

Reise i tid

Me får vera med på ei musikalsk reise og ei reise tilbake i tid, og me blir kjent med historia til fabrikken.

Veslemøy Fluge Berg har ikkje bare ei nydeleg og fortryllande stemme som forvandlar fabrikklokalet til alt anna enn kva det var for dei som jobba her, slit, støv og bråk, men til fryd og glede og ro. Ho er også ein strålande formidlar.

For kven må ikkje tørka ei tåre då ”Anna”, spak i stemma og med røde augo fortel at mannen er omkomen på sjøen? Då ho med armane om dei to barn sine fortel at nå må dei flytta og bu aleine hos ei tante på Osterøy og ei bestemor i Øygarden, for mor må dra til Salhus for å søka jobb på fabrikken?

Barnekoret understrekar alvoret med ei nydeleg framføring av "Vem kan segla".

Dreg til Salhus

”Anna” dreg til Salhus, og audmjuk spør ho Clausen om jobb på Salhus Tricotagefabrik. Me får vita om det harde arbeidet på fabrikken, om hybelhuset for jentene, om produksjonen på fabrikken og om livet i Salhus.

Veslemøy Fluge Berg balanserer så fint mellom å vera forteljar og songar. Sopranen Veslemøy Fluge Berg fyller fabrikklokalet heilt til taket og opp til dei gamle trebjelkane med stemma si. Ho framfører mellom anna "Solveigs sang", "Marionett" (ny sang), "I dreamed a dream" (Les Misérables), og saman med barnekoret "For eitt hundeliv" (Fra Annie).

Til slutt kjem også barna til Salhus og ”Anna” gifter seg med ein mann som jobbar på strikkeloftet. Me tørkar tårene på ny når barna viser ei oppriktig glede av å få koma heim igjen til mor. Her får me mellom anna gleda oss over songane "Gje meg handa di" og "Gabriellas sang".

På ny til hausten?

Etter ein time fekk Veslemøy Fluge Berg, Vidar Eldholm, Johan Sebastian Blum og Paradis barnekor ein velfortent applaus der siste songen denne gongen var Kom skal vi klippe sauen. Publikum si respons var klar, dette ønskjer me på ny.

Og kanskje blir det ei ny framføring av ”Fabrikkjenta på Salhus Tricotagefabrik” til hausten.

Bruk kommentarfeltet under om du vil kommentere reportasjen eller konserten!

Ein av fleire flotte songar vart framført under konserten. Veslemøy Fluge Berg hadde sett saman framsyninga av kjende songar, ein ny song skriven av Vidar Eldholm og tre eigenkomponerte.
Ann Kristin Ramstrøm
Ein måtte finne fram 60 ekstra stolar for å få plass til alle dei fremmøtte.
Ann Kristin Ramstrøm
Ann Kristin Ramstrøm
Ann Kristin Ramstrøm