— Utan barnehagen hadde ikkje Arezo (3) snakka norsk, seier iranske Behzad Alaeimajolan.

Ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at berre ein av tre innvandrarborn i Bergen går i barnehage. Berre Fredrikstad er dårlegare av dei 12 norske byane som er undersøkte.

Det er opplese og vedteke at barnehagar er viktig for å integrere våre nye landsmenn i resten av samfunnet. Ikkje minst er det viktig for å lære språket.

— Hadde ikkje Arezo gått i barnehagen, hadde ho ikkje snakka norsk no, seier Behzad Alaeimajolan, medan den tre år gamle dottera viser fram kjolen for fotografen.

Alaeimajolan kom til Bergen frå Teheran i 2002 med eit doktorgradsstipend frå Hydro i lomma, saman med kona Anita Torabi og sonen Armin. No tek kona òg doktorgrad i petroleumsgeologi, men båe snakkar helst engelsk til oss.

— Heime snakkar vi helst persisk, men Arezo vil berre snakke norsk, ler Alaeimajolan.

Ikkje lenger prioritert

Familien bur no på Landås, men Arezo går i barnehage i Årstad der dei budde før. Dei skryt av Ny-Krohnborg barnehage, som dei meiner er flinke til å lære ungar med foreldre frå andre land norsk.

For paret frå Iran var det aldri noko tvil om at dei ville ha ungen i barnehagen. Dei fekk òg plass då ho var eitt år, fordi framandspråklege den gongen fekk prioritert plass i barnehagane i Bergen.

Det vart det slutt på i fjor, noko styrar Ingrid Johanna Øvretveit i Ny-Krohnborg barnehage merka.

— Mange kjem veldig langt ned på søkjarlista fordi dei søkjer ikkje før ungane er 2-3 år, seier Øvretveit.

Barnehagen har eit fleirtal av born av innvandrarar, men no er det mange som ikkje får plass.

Oppvekstbyråd Hans Carl Tveit avviser at færre framandspråklege får plass no når dei ikkje lenger blir prioritert.

— Nei, i fjor var talet på framandspråklege som fekk plass om lag det same som året før, seier han.

Kontantstøtte og kultur

Tveit meiner problema vil forsvinne når byen neste år får full barnehagedekning. Det er Øvretveit ikkje så sikker på, sjølv om ho er forsiktig med å kritisere arbeidsgjevaren.

Ho peikar på at mange av barnehagane som no blir bygde er i andre bydelar. Dermed kan det bli ein solid jobb for ein fattig flyktning utan bil berre å få levert og henta ungane.

— Skal ein i tillegg skaffe seg utdanning eller jobb, kan det bli vanskeleg å få det til å gå i hop, seier ho.

Men sjølv med prioritert plass er det ikkje alle som søkjer plass tidleg. Ein årsak til at mange ikkje gjer det er at dei kan miste kontantstøtta, som ungane får til dei er tre år.

— Men eg trur mest det handlar om kultur. For mange frå spesielt arabiske og afrikanske land er dette med barnehage ein uvant idé, seier Øvretveit.

LÆRER FAR NORSK: Arezo (3) snakkar norsk så det held, takka vere barnehagen, seier mor Anita Torabi og far Behzad Alaeimajolan. Sjølv snakkar dei helst persisk.

Odd Mehus