Til no har 129 personar søkt om økonomisk oppreising. 95 av desse sakene er ferdighandsama i utvalet. 42 av dei er tilkjent erstatning.

Stortinget har bestemt at det kan gjevast erstatning på inntil 100 000 kroner. Grunngjevinga skal vera at søkjaren kan sannsynleggjera at han har lidd alvorleg skade som følgje av overvakingspolitiet si verksemd.

Til no har Innsynsutvalet tilkjent tre personar det høgste erstatningsbeløpet. Ni personar har fått 50 000 kroner og to personar har fått det lågaste beløpet 10 00 kroner.