— Eg hadde ikkje promille då eg førte båten, forklarte skipparen då Bergens Tidende kontakta han i går kveld.

Det var om føremiddagen onsdag 17. juli at folk skal ha lagt merke til at ferja brukte uvanleg lang tid på å legge til kai i Vik i Sogn, og varsla politiet.

Blodprøva vart tatt nær tre timar seinare, og viste 1,3 i promille. No tyder alt på at Fylkesbaatane (FSF) vil gje skipparen sparken.

Øydela ryggen

Men skipparen meiner at det ikkje finst grunnlag for ein slik reaksjon, og han fekk i går også støtte frå mannskapet ombord. Sjølv seier han at han har gjort ein tabbe, men avviser at han har ført den raske ferja påverka av alkohol.

Slik er skipparens versjon av det som skjedde:

— Turen inn til Vik gjekk heilt normalt, og det er tull at eg brukte unormalt lang tid på å legge til kai. Ombord hadde vi omlag 30 bøtter bringebær, og eg hjalp til med å lange dei opp på land. Det skulle eg ikkje gjort, for eg øydela ryggen min under dette løftearbeidet.

Ifølgje mannen har han tidlegare i år vore sjukmeldt ein månad nettopp på grunn av ryggproblema. Denne dagen vart det så gale at matrosen måtte køyre han heim til bustaden i Vik, og under denne køyreturen skal skipparen ha gjort det klart at det ikkje var aktuelt for han å føre båten vidare som planlagt klokka 14 same dag.

— Eg klarte ikkje å gå normalt, og halvt liggande greidde eg å ringe legen heimefrå. Men eg fekk ikkje komme til der før etter klokka 14, forklarer mannen.

Øl som smertestillande

Etter å ha kontakta legen var det at han gjorde tabben, forklarer FSF-skipparen.

— Eg hadde ikkje anna smertestillande i huset, og tok meg nokre boksar øl for å døyve det verste. Det var tabben min, seier han.

Litt seinare klarte han å bevege seg ut av huset, og var tenkt å reise ned til båten for å levere nøklane, hente mobiltelefonen og litt klede han hadde liggande. Men han vart i staden møtt av det lokale politiet ved porten.

— Eg sjønte ikkje kva politiet ville eller korfor dei kom. Eg skjønte ingenting. I ettertid ser eg sjølvsagt at det var ein tabbe å drikke, men eg hadde slett ingen planar om å gå tilbake på jobb denne dagen, og eg hadde heller ikkje ført båten på ein måte som skulle gje grunn til mistanke, hevdar han.

Ifølgje skipparen vart blodprøva tatt to timar og 55 minuttar etter at han la til kai.

Innser tabben, men ...

Skipparen innser at han har handla dumt ved å innta alkohol, men kan ikkje sjå at han har gjort noko som kvalifiserer til sparken etter 24 samanhengande år som tilsett i FSF.

— Eg gjorde ein tabbe, men kjenner meg sverta på feil grunnlag, seier han.

Saka har vore ei stor påkjenning, og skipparen er no på ferie med familien.

— Vi er ti skipparar ombord på «Sylvarnes». Alle i lokalmiljøet veit kven eg er, seier han til Bergens Tidende.

Bil- og passasjerferja «Sylvarnes» tar sju bilar og 42 passasjerar, og går i 24 knop mellom sør- og nordsida på midtpartiet av Sognefjorden.

Overfor Verdens Gang, som omtalte saka tidlegare denne veka, vil ikkje FSF-direktør Atle Tornes seie noko om reaksjonane mot mannen. Men til Bergens Tidende seier skipparen at han er kjent med at eit rekommandert brev ventar heime.

— Eg hadde avslutta arbeidsdagen min på grunn av ryggskaden. Eg kan ikkje forstå at eg hadde noko pliktmessig avhald, seier skipparen.