Send bt.no bilder av hendelsen!

— Situasjonen er no avklara og båten ligg no ved kai i Askrova, opplyser administrerande direktør Atle Tornes i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) til bt.no.

"Fjordglytt" fekk problem då båten fekk full stopp i framdriftsanlegget.

Ein ambulansebåt fekk slepar om bord.

Det var like før klokka 11 i føremiddag at hurtigbåten, som går i rute til øyane i Flora, miste framdrifta. Båten var då like ved Askrova.

Administrerande direktør Atle Tornes i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) karakteriserte situasjonen som relativt dramatisk på grunn av det svært dårlege vêret i området.

— Dei sleppte straks ankeret. Men i den sterke vinden greidde ikkje ankeret å halde båten. Dei dreiv ut mot skipsleia, fortel Tornes.

Redningsskøyta og ambulansebåten «Sea Service» som var i området blei bedt om assistanse, og ambulansebåten greidde å få slepar om bord. «Sea Service» fekk FSF-fartøyet under kontroll.

— Vi veit førebels ikkje kor langt frå land dei var då dei greidde å få slepar om bord, sa Tornes til bt.no tidlegare i dag.

MS «Fjordglytt» gjekk i ei lasterute då dei miste framdrifta, og det var ikkje passasjerar om bord. Mannskapet på tre var heile tida om bord i fartøyet.

I VANSKAR: "Fjordglytt".