FNs miljøprogram, UNEP, vil ha svar på dette før verdskonferansen om berekraftig utvikling i Johannesburg i august/september.

Og i Sogndal, der det ikkje finst tog anna enn i leiketybutikkane, sit dei som veit svaret. Vestlandsforsking held nemleg til i saft— og fotballbyen. Og ryktet om kva vestlandsforskarane duger til, har nådd heilt frem til den internasjonale jernbaneunionens (UIC) hovedkvarter i Paris.

Plukket ut

— Dette var ikkje eit oppdrag vi bad om, eller konkurrerte med andre om. Vi vart rett og slett plukket ut i Paris til å ta denne jobben, sier prosjektleiar Karl Georg Høyer til bt.no.

— Det vi gjer, er å samlet inn jernbanestatistikkar og rapportar frå alle land i verda der det går jernbane. Vi skal så skriva ein rapport som gjer greie for korleis jernbana står seg i konkurransen med andre transportformer når det gjeld gods og personar. Oppdraget omfattar dei 10 åra som har gått sidanFNs miljøkonferanse i Rio i 1992, og inkluderer også all skjenegåande trafikk i byområde, seier Høyer.

Taper terreng

No ved årsskiftet er eit førebels manuskript ferdig. Det skal gåast gjennom og kommenterast av UIC. Den ferdige rapporten ligg føre i slutten av januar. Når det gjeld innhald og konklusjonar, må det vera opp til UIC eller UNEP å avgjera kva som skal ut føre møtet i Johannesburg, meiner Høyer. Men han nektar ikkje for at jernbaner over heile verda stort sett har tapt terreng både på gods- og persontransport samanlikna med vegtrafikk. Det går då og frem av lett tilgjengelege offentlege statistikkar. Berre når det gjeld persontransport i byområde, har toget hevdet seg bra, seier Karl Georg Høyer.