Skifabrikken Åsnes i Sunnfjord vart kjøpt av Skigutane hausten 2006.

Extrem AB produserer ski og snowboard, og sel sportsklede.

— Dette er første steg heim att for Jämtland og Härjedalen, skjemtar Hans Engelsen Eide, kulekøyraren som grunnla Skigutane AS og eig firmaet saman med Øyvind Lauritsen.

Han legg vekt på at Åsnes vert supplert med kompetanse på bygging av alpinski og snowboard.

Dei tilsette i Extrem vil halda fram i jobbane sine, og det er alt planlagt ei utviding av staben på salssida.

Skigutane vil no bruka Åsnes som merkevare i nordisk, Linken på alpinski og Extrem på snowboard.

På klesfronten er merkenamna Bula og Kari Traa. Skigutane vart i grunnlagt i 1988 på import av Bula-produkt frå USA. Seinare utvida vossingane Bula-kolleksjonen og skapte Kari Traa-kolleksjonen i etterkant av OL-gullet i 2002.

Arne Hofseth (arkiv)