Her driv Vangsgutane ei omstridd ombygging til handlesenter under namnet Voss Handelshus, som mellom anna skal innehalda ein Rema 1000-butikk. Remakjeden har i 20 år prøvt å skaffa seg lokale på Voss, men lykkast først no.

Størst på Voss

Even Rokne, som eig både Expertbutikken og naboen Jernia på Vangen, opplyser i ei pressemelding at den nye Expertbutikken i Voss Handelshus blir på 850 kvadratmeter, og blir dermed størst i sitt slag på Voss. Expertbutikken sel kvitevarer, brunevarer, lampar og datautstyr med meir. Det er dei mest plasskrevande varene Rokne ser fordel i å kunne flytta opp til Palmafossen.

– Vi er svært nøgde med at kommunen no ønskjer å flytta sal av arealkrevjande varer ut av Voss sentrum. Dette reduserer m.a. bilbruken i sentrum, og gjev rom for eit meir triveleg og levande gatebilete på Vangen, seier Rokne.

Trivelegare på Vangen

Han står i spissen for Destinasjon Voss, prosjektet som har Rimi-Hagen med på laget, og er overtydd om at Voss Handelshus med Rema-butikk ikkje vil utarma Vangen.

– Den tunge satsinga på reiseliv i åra framover skaper trong for å gjera Vangen meir triveleg, seier han.

Han ser ingen ulempe i at varer ein treng bil for å frakta, vert lokalisert i senter utanfor sentrum. Det same gjeld matvareinnkjøp som krev fleire bereposar. Dermed blir det plass til nisjebutikkar og serveringsstader på Vangen.

Kva synest du om handlesenterplanane? Sei di meining i kommentarfeltet under: