OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Den 80 år gamle juleklassikaren «Reisen til julestjernen» har premiere laurdag kveld i Stord kulturhus.

— Å, eg har masse replikkar, seier Line Marie Hansen (13) framfor sminkespegelen før generalprøven onsdag. Ho spelar nissemor, og hadde roller som snøfnugg og fugl i barne- og ungdomsgruppa si oppføring i 1999.

Nationaltheatret sin økonomidirektør Sverre Brandt skreiv «Reisen til julestjernen» i 1924 og er seinare blitt ein desembergjengangar og sikker publikumsuksess på hovudscenen i Oslo.

Tredje gong

Eventyrforteljinga om vesle Sonja som hjelper kongen med å finna julestjerna blei filmatisert i 1976. Stord Teaterlag hadde stykket på repertoaret i både 1991 og 1999.

— Stykket byr på alle ingrediensar, seier regissør Ingvild Johannesen. Som gjer ein og annan vri for å få plass til alle ungane på scenen.

— Vi har blant anna laga ein narrfigur og ei nissebestemor. Alle skal få vera med, seier Johannesen., ein av veteranane i Stord Teaterlag saman med sufflør Haldis Onarheim og koreograf Sheila Resser. Dei tre har hatt viktige fingrar med i alle barne- og ungdomsgruppa sine 29 oppsetjingar sidan starten i 1980.

Johan Halvorsen skreiv musikken til Brandts juleeventyr. I orkestergrava på Stord Kulturhus er nok ein gong Torleiv Agdestein på plass for å ta seg av tonefølgjet.

Ungar i kø

Rekrutteringsproblem har ikkje teaterlagets junioravdeling. Mange håpefulle må avvisast, og det er sett ei nedre aldersgrense på ni år.

Heile aldersspekteret på 9 - 17 er representert i «Julestjernen», der Helene Olsen Thunem, Ole Stokke Vallestad, Stine Angeltveit og Marte Belsvik Hansen har hovudrollene som høvesvis Sonja, kongen, heksa og greven.

På Stord har «Reisen til julestjernen» fire framsyningar til og med tysdag. Og det herskar liten frykt for tomme sete.

Generalprøven onsdag hadde eit par tekniske svikt som generalprøvar skal ha. Regissøren fekk dermed ein del å gripa fatt i då ho samla truppen etterpå.

— Stjerna lyste litt dårleg. Kva skjedde? Og korfor kom snøfnugga så seint inn? Dette skal vi ordna på. Og eigentleg var det kjempebra! oppmuntra Ingvild Johannesen.

STJERNETYDING: Kongens stjernetydarar (Jonny Fadnes t.v., Camilla Larsson og Regina Skulstad) har ikkje samme suksess som Sonja i jakta på julestjerna.<br/>Foto: ØRJAN DEISZ
STJERNELAG: Trass mange hindringar greier Sonja (Helena Olsen Thunem) til sist å oppfylla kongen (Ole Stokke Vallestad) sitt store juleønske. I bakgrunnen m.a. Christina Pateli Røyrvik, Karoline H. Pedersen og Silje H. Hatlevik som heksedotter, hoffdame og nisse i Stord Teaterlags «Reisen til julestjernen».