Norsk vårgytande sild er komen på sitt årlege besøk til norskekysten i svært store mengder.

— Det kan vera vind og bølgjer på havet, men så ser du eit stort område der havet ligg som eit golv.

Svein Malvin Sjo leitar etter ord for å beskriva møtet med dei kolossale sildestimane på veg sørover kysten.

— Ho ligg heilt oppunder havflata i fleire hundre meter bortover. På sonaren kan me sjå at det går eit par hundre meter nedover også.

Kraft i stimen

Han er kaptein på «Tunfisk» frå Halsnøy. Han og to brør er på Bontelabo, fiskemottaket i Bergen, for å levera ei last med «havets sølv».

Det er altfor lite å betala berre to kroner kiloen for så god mat .

Svein Malvin Sjo, fiskar

Han fortel korleis dei må passa på med slike enorme sildemengder. Snurpenota må setjast forsiktig i utkanten.

— Krafta i sildestimen er så stor at nota vert øydelagd, om me ikkje passar på.

Fiskarane frå Sunnhordland har aldri sett maken.

Spennande

Litt lenger inne på Bryggen sit Kenneth Garvik som salssjef i Norges Sildesalgslag.

— Etter at silda begynte å koma tilbake på 80-talet har vi ikkje sett så mykje sild som i år, slår han fast.

Rett over nyttår kom stimane inn mot kysten av Troms. I dag er dei komne sør til Sogn og Fjordane. I neste veke fer dei sannsynlegvis forbi utanfor Bergen.

Før om åra har silda stoppa ved Sunnmøre, men i fjor gjekk ho heilt ned til Rogaland.

— Ho ser ut til å ha det travelt med å koma seg sørover i år og, seier Garvik.

— Det vert spennande å sjå.

Til heile verda

Uvanleg godt ver og mange kjøparar, gjer årets fiske uvanleg bra. Fisken vert pumpa på fjerde timen ut av «Tunfisk» denne formiddagen.

Inne på anlegget til Norway Pelagic på Bontelabo fossar silda inn og legg seg etter kvart på transportband . Etter sortering vert fisken pakka i kartongar og sendt med båt ut i verda.

Aust-Europa og Afrika er dei største kjøparane. «Tunfisk» og dei tre brørne frå Halsnøy får fire hundre tusen kroner for ei full last med sild.

— Det er bra at fisken for det meste går til menneskemat, seier Svein Malvin Sjo.

— Men det er altfor lite å betala berre to kroner kiloen for så god mat, meiner han.