— Eg har ikkje sett slikt før. Det var så store mengder sild at vi måtte passe på at nota ikkje blei sprengd, seier Tore Hillersøy. Fiskaren frå Bulandet i Askvoll hadde i år ein kvote på 1450 tonn på MS «Hillersøy». Det brukte han litt over 14 dagar på å håve inn.

— Vi starta på Haltenbanken i Nordland og avslutta med å kaste nota på felta vest om Fosnavågen på Sunnmøre. Heile vegen sørover var det veldige sildemengder i havet, seier Hillersøy.

På veg oppover

Havforskarane stadfestar det fiskarane frå Stad til Lofoten har registrert denne vinteren. «Havets sølv» har gått i store stimar langs norskekysten, også sør om Stad. Så store stimar at det er 50 år sidan sist.

— Vi reknar at gytemengda av norsk vårgytande sild no utgjer kring 10 millionar tonn. Det er ufatteleg stort. Vi snakkar om ein bestand som toler samanlikning med den som var på 1950-talet, den forrige perioden med verkeleg store sildemengder, seier forskingsleiar Reidar Toresen ved Havforskingsinstituttet.

Tiårsperioden frå 1947 til 1957 var siste gongen sildefisket var så godt at det gjekk an å gå tørrskodd mellom holmane i dei store fiskeværa på Vestlandet. Havforskarane meiner veksten i sildestammen enno ikkje har nådd toppen, og at bestanden vil halde fram med å auke dei kommande åra.

— Rekrutteringa er svært god. Vi er på veg inn i ein ny stor sildeperiode. Slike periodar har vi med jamne mellomrom. Det følgjer naturlege svingingar som varer nokre tiår, så går det nedover att. Vi trur vi no er på veg mot ein ny topp, seier Toresen.

Gyter lenger sør

I mellomkrigstida redda silda nasjonen frå sveltegrensa. Men etter nye gode sildeår i etterkrigsåra, gjekk det nedover. I 1970-åra var bestanden nær total kollaps. Klare råd får havforskaren om å avgrense fisket mest mogleg blei følgt, og gradvis har sildestammen bygt seg opp at.

Den siste mannsalderen har gytinga likevel stort sett skjedd frå Møre og nordover. Dei gamle gyteområda sør om Stad har silda så langt ikkje funne tilbake til. Før no. For det som verkeleg gjer forskarane optimistiske, er at mykje sild i vinter ser til å ha kryssa Stadhavet.

— Frå gammalt av var områda ved Bremanger store gyteområde for sild. Desse områda har silda no teke i bruk på ny. Det som er verkeleg spennande, er om silda vil trekkje vidare sørover. Historisk var det store gyteområde ved Karmøy, men så langt kan vi ikkje seie at vi har sikre indikasjonar på at silda har funne tilbake til desse gyteplassane, seier Toresen.

Fiskarar Bergens Tidende har snakka fortel likevel at det i vinter er sett store sildemengder eit godt stykke sørover langs vestlandskysten. Mellom anna skal det ha blitt gjort observasjonar ved Fedje.

Aldri sett maken

Vinterens fiske etter norsk vårgytande sild er i ferd med å bli avslutta. Dei som har teke del, stadfestar at det har vore eventyrlege veker på sjøen.

Ein av dei siste store fangstane denne sesongen tok MS «Utflesa» tidleg denne veka. 120 tonn drog dei opp nordvest om Fosnavågen.

— Det har vore enorme mengder. Dei snakka om i gamle dagar at silda stod frå fjøresteinane og vest om 12-milsgrensa. Slik har det faktisk vore i år, seier Tony Silden.

Arne Saltskår på MS «Svebas» seier at han må mange år tilbake i tid for å oppleve noko liknande.

— Eg veit ikkje om det kan samanliknast, men på slutten av 1990-talet var det nokre år då sildefisket også var svært godt.

Om ei vekes tid går dei siste båtane til land.

— Vi har sett det dei siste dagane. Silda er ferdig med å gyte, kvaliteten er dårlegare og ho er vanskelegare å få. No trekkjer ho nordvestover i havet att, seier Tony Silden.

ENDRE STORØY