Opposisjonen tok første stikk på valdagen. Os Ap sikra seg storstova Oseana som lokale til valvaka og inviterte like godt SV og Sp inn i varmen.

— Ap var ute før oss, for å seie det som det er, seier Frp-ordførar Terje Søviknes.

BT møter Søviknes medan kvelden enno er ung. Enno veit ingen kven som tek det siste og avgjerande stikket.

- Ikkje bombesikkert

Ved eit kafébord i det nye kulturhuset sit utfordraren hans frå Ap. Lars Atle Skorpen var rådmann i kommunen i fem år. No vil han tilbake til rådhuset som ordførar frå Ap.

— For første gong er det ikkje lenger bombesikkert at Frp og Høgre får fleirtal. Brikkene kan leggjast på nytt i Os kommune, seier Skorpen.

— Det Frp og Høgre ikkje har fått til på 12 år, får dei heller ikkje gjort på 16 år.

Skorpen seier det slik: Frp og Høgre har hatt fire år med vorspiel, fire år med fest og fire år med nachspiel. Gjelda i kommunen er blitt tredobla på desse 12 år, held han fram, men Frp og Høgre har ikkje vist vilje til å ta oppvasken. Den kjempar opposisjonen for å få ta.

— Med fire nye år med Frp og Høgre kan konsekvensane bli ille. Det er no vi har sjanse til å leggje om kursen, seier Skorpen.

— Du har fortid som rådmann i kommunen. Er det ein fordel som ordførar?

— Ein stor fordel. Eg kjenner huset, kan kome raskt inn i viktige saker og stille dei rette spørsmåla.

Nasjonalt Frp-symbol

På rådhuset er ordføraren på veg til sine eigne på puben Irish cat for å kunngjere resultatet av førehandsstemmene. Søviknes har skifta skjorte og tatt på eit folkeleg slips frå Dressmann

— Desse valdagane er lange, seier han med eit sukk.

I 1999 var fiskaren frå Lysefjorden den første Frp-ordføraren i nyare tid. Sidan har Os vore eit nasjonalt utstillingsvindauge for Frp-politikk. Derfor står mykje på spel i kveld.

— For Frp i Os er valet sjølvsagt viktig. Men også for Frp nasjonalt er det viktig at vi klarar å behalde posisjonen og ordførarrolla i Os, seier Søviknes.

Opprør mot Bjånes-utbygging

I årets valkamp dukka det uventa opp fleire saker med stor kraft. Blant anna har ei stor bustadutbyggjing på Bjånes ført til veldig mobilisering i nærmiljøet, som har reist seg i protest mot "byen på Bjånes".

— Det blir spennande å sjå kor stor kraft ei slikt opprør har, seier Søviknes.

— Ap er kritisk til at gjelda til Os kommune er blitt tredobla i din periode?

— Det er for så vidt riktig, men Ap gløymer at vi har 170 millionar kroner på bok etter å ha realisert aksjane i Oskraft og BKK, og at nettogjelda er mykje lågare.

La band på seg

— Korleis er det å driva valkamp mot ein tidlegare rådmann og kollega?

For første gong blir den profesjonelle politikaren stille. Han tek ein lang tenkjepause.

— Det har vore krevjande, kjem det til slutt.

— Eg har mange gonger vore freista til å gå til motåtak på Lars Atle og bruka hans standpunkt då han var rådmann mot han. Men eg har prøvd å leggje band på meg. Det kunne blitt ein skitten valkamp.

- Kjempeutfordring

Heller ikkje Skorpen legg skjul på at det har vore tøft med den tidlegare arbeidskollegaen som motstandar.

— Definitivt. Det har vore ei kjempeutfordring. Han er den ordføraren som har fått mest stemmer i Norge.

— Korleis har det vore å møte han i debatt?

— Eg trur vi kjenner kvarandre som typar og les kvarandre veldig godt. Det er ikkje ei ulempe, seier Skorpen.

— Uansett valresultat blir det kurant å samarbeide vidare.

- Heilt konge!

Frp-arane på Irish cat jublar, då ordføraren kunngjer utfallet av førehandsstemmene: Frp får 40,6 prosent av stemmene. Samarbeidspartnaren Høgre får 13,7 prosent. Ap går fram til 19,4.

— Eg hadde vore fornøgd med mellom 35 og 38 prosent. Dette er heilt konge, seier Søviknes.

Det nye kulturhuset Oseana er blitt kalla eit monument over den populære Frp-ordføraren. Skorpen ser annleis på det.

— Oseana er eit monument over alt vi ønskjer å få til i Os. Budsjettsprekken får heller vere eit monument over Søviknes, seier Skorpen.

Oseana-sprekk

Kulturhuset skulle koste kring 195 millionar kroner. Omfanget av budsjettsprekken er enno uviss. Skorpen antydar kring 30 millionar kroner, men seier det er vanskeleg å få informasjon, når ordføraren sit i alle sentrale posisjonar i prosjektet.

— Men 30 millionar er eit enormt tal i eit liten kommune som vår.

— Men hadde Oleana blitt realitet utan Søviknes?

— Eg håpar det, men til den prisen vi hadde blitt samde om då prosjektet vart vedteke.

HELD STAND: Ordførar Terje Søviknes reknar prosentar like før han skal inn på valvaka til Os Frp med resultatet av førehandsstemmene. Jubelen står i taket for 40,6 prosent til Frp.
ROAR CHRISTIANSEN