Området er så rasfarleg at det alt i morgon vert starta sikringsarbeid. I første omgang skal det setjast opp eit nett for å sikre husværa i det attraktive buområdet. Dette arbeidet vil ta kring ei veke, og først då får huseigarane få lov til å flytte tilbake. Synfaring Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes var saman med tilsette i Førde kommune på synfaring til området i går, og konstaterte fleire område der det kan gå ras.— I alt er det snakk om ni område ovanfor desse bustadane som bør sikrast, opplyste Russenes på ein pressekonferanse i Førde i går ettermiddag.Førde kommune satsar på at ein plan for å sikre området skal vere klar til midten av august.

FARLEG: Området er så rasfarleg at det alt i morgon vert starta sikringsarbeid.
FOTO: TERJE ULVEDAL