Flesteparten av dei 62 evakuerte kan ta husa sine i bruk att umiddelbart. Unntaka er bebuarane i nummer 7 og 9, dei to husa som vart råka av raset i går.

Geoteknisk ekspert var saman med målsmenn frå Voss kommune og politiet no på synfaring ovanfor rasstaden i Brekkereino øvst i Seimsfeltet på Voss.

Dei konsentrerte seg om innmarka på garden Brekkù, som ligg rett ovanfor husrekkene langs vegane Brekkereino og Seimshagen som er evakuert. Dei har også synt interesse for Brekkevegen som har fått ein del medfart fordi stikkrennene ikkje har greidd å ta unna vatnet.

Politiet utvida i går kveld talet på evakuerte hus frå 15 til 18. Dermed auka talet på evakuerte personar frå 51 til 62. I tillegg til husa som er utsette for jordras, er nokre hus andre stader på Seim truga av ein flaumstor bekk.

MED GUMMISTØVLAR: Geoteknisk synfaring ovanfor Brekkereino. Til høgre austgavlen av Skeide sitt hus (kvitt) som vart påført skade, Rett bak personane er taket på Rode sitt hus (mønt andre vegen) som vart ståande å rista. Jordmassane fann vegen ned mellom desse to husa til taket på Senderud si garasje.
ARNE HOFSETH