Klokka 03.15 natt til laurdag gjekk brannalarmen på United World College (UWC) og Hauglandssenteret i Fjaler.

Brann, ambulanse og politi dro til staden. Alle elevar og bebuarar vart evakuerte ut frå bygninga og over i eit nabohus før innsatsstyrkar kom til staden, melder politiet i Sogn og Fjordane.

Brannvesenet søkte gjennom bygninga med røykdykkarar, det var kun kraftig røykutvikling frå eit opphaldsrom som dei raskt fekk kontroll på.

Truleg var ei pute oppå ein panelovn årsak til røykutviklinga.

Politiet gjev ros til tilsette ved UWC for rask reaksjon.