— Me valde å evakuera området etter at det byrja å brenna i ei acetylenflaske. Brannen er no sløkt, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt.

Politiet fekk melding om brannen klokka 13:14.

— Det som må gjerast i slike tilfelle er å la gassen brenna opp samtidig som ein kjølar ned flaska med vatn. Dette skjer rett som det er, men eksplosjonar kan sjølvsagt skje, så det er viktig å ta dette på alvor, seier Andersen.

Evakueringa gjekk ifølgje Andersen heilt etter planen.

Hos Halsvik Aggregates kan dei stadfesta at brannen er sløkt og at brannen ikkje valda skade.

— Ingen skade er skjedd. Området vart evakuert om lag 100 meter rundt brannen, fortel Torbjørn Wergeland hos Halsvik Aggregates.

Han veit enno ikkje årsaka til ulykka, men fortel at brann i slike flasker har skjedd tidlegare.

— Det som kan henda er at den opne flammen går tilbake i flaska. Det er veldig sjeldan, men det hender, seier han.