KJERSTI MJØR

27. august får Universitetet i Bergen heile elleve nye æresdoktorarar. Blant desse er tre norske kvinner og menn — korrupsjonsjegar Eva Joly, tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland og valforskar Henry Valen.

— Æresdoktorane er alle personar som har sterke faglege bånd til Universitetet i Bergen, eller som representerer verdiar som også universitetet ønskjer å fremme, seier rektor Kirsti Koch Christensen.

Alle æresdoktorane - med unntak av Brundtland - skal halde gjesteførelesingar i dagane rundt doktorpromosjonen. Åresdoktor Joly skal dessutan halde helsingstale under sjølve seremonien.

Også Angela Carmen Vincent, Joan Wallach Scott, Fadwa Abdel Rahman Ali Tasa, Bernhard Guggenheim, Arne Öhman, Karin Cornils, Gao Dengyi og Manfred Schartl blir utnemnde til æresdoktorer neste fredag.