Då politiet torsdag aksjonerte mot slakteriet var det russiske ekteparet mellom dei 12 asylsøkjarane politiet meinte ikkje hadde arbeidsløyve lenger, fordi dei har fått avslag på asylsøknadene sine.

— Vi fekk eit lite sjokk. Men no har politiet sagt at vi kan få bli og jobba ved Fatland så lenge vi vil, seier Konstantin Ktatsjenko til Bergens Tidende.

Han og kona fekk venda tilbake til arbeidsplassen etter ein tur på lensmannskontoret.

Dei ti andre, også dei frå den tidlegare Sovjetunionen, blei tekne med til Haugesund.

I går vart ni av dei sende vidare til Oslo, siste stasjon før avreise til dei tidlegare Sovjetrepublikkane dei kjem frå.

Politi og lege skjer kjøt

Konstantin Ktatsjenko var politi i Russland, nær grensa til Tsjetsjenia. Han seier han flykta til Noreg for to år sidan av di FSB, etterfølgjaren til KGB, skulda han for kontraspionasje for Georgia og Israel. Han rømde medan han var innlagt på sjukehus.

Ktatsjenko kom til Noreg for to år sidan. Han har jobba hos Fatland nesten heile tida.

Kona, som er utdanna lege, kom hit seinare, saman med barna på 14 og 16 år. Barna er årsak til at ekteparet fekk bli i denne omgang, ifølgje politiet.

På slakteriet sagar og skjer politimannen kjøt, legen er i pakkeriet.

Familien leiger hus til 3000 kroner månaden i Ølen. Mange av dei andre asylsøkjarane som arbeider på slakteriet leiger husvære privat i Ølen.

Slakteriet er på si side godt nøgd med å få ha ekteparet og 23 andre asylsøkjarar i arbeid i ein stram arbeidsmarknad i Ølen.

Oppgitt konsernsjef

  • Dei fleste gjer ein god jobb for oss, dei er pålitelege og trufaste. Og vi greier ikkje å skaffa nok arbeidskraft lokalt. Derfor er denne saka så trasig, seier konsernsjef Leif Malvin Knutsen i Fatlandkonsernet.

Leiinga i Fatland AS meiner bedrifta urettvist er kome i eit dårleg lys etter politirazziaen.

Knutsen seier til Bergens Tidende at Fatland har etterkome eit politisk ønskje ved å sysselsetja asylsøkjarar på norske vilkår, og at leiinga ikkje har fått tilbakemelding får styresmaktene om at papira deira ikkje var i orden.

— Vi meiner vi har følgt opp den måten å jobba på som vi er blitt einige med politiet om. Vi sjekkar alltid asylsøkjarane sine identitetspapir og skattekort før vi tilset dei, og kontrollerer om dei har arbeids- og opphaldsløyve, seier Knutsen.

— I august sende vi ei komplett liste over alle asylsøkjarane tilsett hos oss til politiet. Ho blei gjennomgått av lensmannskontoret og sendt vidare til UDI. Vi har ikkje fått ei einaste tilbakemelding på det skrivet. Her må det koma betre rutinar, meiner Leif Malvin Knutsen.

FÅR JOBBA VIDARE: Ekteparet Maria og Konstantin Ktatsjenko var blant 12 asylsøkjarar som blei henta av politiet i razziaen hos Fatland slakteri torsdag. Dei har to born i Ølen og får enno bli i bygda og jobba. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR