Nokre i grupper, andre åleine. Sorgtunge og tydeleg prega fann dei vegen til Plateverkstad 3, dei tilsette ved Aker Kværner Stord, Aker Kværner Elektro og Aker Kværner Businesspartner. Nok ein gong hadde ulukka råka, nok ein gong var plateverkstaden omgjort til ein ettertankens katedral, der kollegaer kunne samlast i sorg, gråt og lågmælt samtale.

Under kvelvinga i den store produksjonshallen er det gode vilkår for tankeflukt. Enno morgonkald oktoberluft trekkjer gjennom lokalet og blandar seg med lukta av stål og olje, av arbeidsfolks sveitte, av industri.

Utan varsel

Det var dette dei var med på, å byggja, framtida og landet, dei fire som gjekk bort då Atlantic Airways-flyet sklei av rullebana og kom i brann på Sørstokken tysdag morgon. Det var dette dei unge liva skulle halda fram med iver og energi då døden kom og tok dei, utan varsel, utan nåde, utan spørsmål.

Martin Charles Evertsen (25), Jarle Reime (33), Per Olaf Skjæveland (33) og Gudrun Hervør Joensen (41).

Spørsmål står dei att med, dei 600-700 som fann saman i plateverkstaden i går. Presten på Stord, Reidar Ådnanes, formulerte eitt av dei slik:

— Klarer vi å gå vidare?

Og han svarte sjølv:

— Ja, fordi vi må, fordi vi vil halda fram med å verna om livet, kjempa for at liv skal bevarast. Og gå vidare også med denne vissa: Vi kan aldri sikra oss heilt, for døden er der som livet sin skugge, og ein dag er det min tur.

Midt i meiningsløysa var presten si oppmoding denne:

— Å leva med skuggen av døden som alltid er der, og likevel gleda seg over livet.

- Livet er sårbart

Men det var alvor som prega stunda i går, og alvor og sorg kjem nok til å liggja under lenge hjå dei som no saknar og førebur gravferd for nære, kjære, umistelege. Alvoret som spring ut or denne brutale stadfestinga av kor skjørt livet er.

— Ei ulukke som denne, viser oss kor sårbart livet er. I ei slik stund treng vi samhald, hjelp og støtte, formante administrerande direktør ved Aker Kværner Stord, Stian Vemmestad.

Tore Engevik, administrerande direktør ved Aker Kværner Elektro, lova å vera med dei etterlatne i sorga i tida som kjem, medan sjefen for Atlantic Airways på Færøyane, Magni Arge, med bristande røyst retta djupfølt takk til dei som bidrog til at 12 personar trass i alt kom frå ulukka med livet i behald.

Klubbleiaren ved Aker Kværner Elektro, Kristian Pedersen, viste til den gamle fagforeiningsparolen om at samhald gjev styrke og bad alle om å leva etter den i ei tung tid.

Etter minnestunda, drog dei etterlatne til Sørstokken for å sjå ulukkesstaden, medan kollegaene gjekk attende til arbeidet. For alle handlar det om at livet må gå vidare.

SAMAN: Dei pårørande kom i samla flokk til minnestunda i plateverkstaden på Stord i går. - Ta vare på kvarandre når livet er godt, då blir det naturleg å gjera det også når livet gjer vondt, sa diakon Liv Kari Bru