EYSTEIN RØSSUM

TERJE ULVEDAL

RUNE CHRISTOPHERSEN

ØYSTEIN TORHEIM (foto)

35-åringen var i går etterlyst internt i politiet med namn og bilete. Dei har prøvd å få kontakt med han, fordi mannen er den siste politiet veit var saman med drapsofferet. Men mannen har ikkje vore å oppdrive. I går ettermiddag gjekk politiet ut i media og bad han melde seg.

Vitne har sett dei to saman på ein gangveg, ca 500 meter frå folkehøgskulen. Klokka var då ca. 01.30, og dei to gjekk i retning skulen.

Dei hadde begge vore på konserten med Oslo-bandet We på Meieriet. Bergens Tidende har snakka med vitne som såg dei to kome ut frå utestaden i lag i 01.15-tida.

— Var sint på Hedda

Mannen kjem opprinneleg frå Somalia, og har fast opphald og arbeidsløyve i Noreg. Fleire vitne seier at 35-åringen og Karterudseter skal ha kjent kvarandre ei tid, og at dei var gode vennar.

Litt tidlegare på kvelden skal mannen ha vore sint på Karterudseter, også dette utanfor Meieriet.

Eit vitne som var saman med dei to har forklart at den etterlyste mannen var ganske full, og at han skal ha spytta på henne. Sinnet skal ha botna i misnøye med at Hedda hadde snakka med ein annan mann.

Andre som var til stades skal ha gitt mannen påpakning for oppførselen hans. Hedda skal då ha sagt at mannen berre var ein venn, og at dei slett ikkje var kjærastar.

Det heile skal ha roa seg raskt, og begge gjekk inn igjen på konserten.

Status som vitne

Då dei to igjen kom ut frå Meieriet ca. kl. 01.15, skal dei ha stått ei stund saman med fleire vennar utanfor. Den 19 år gamle jenta skal så ha gjort teikn til at ho ville gå.

— Dei to gjekk deretter saman frå staden, seier eit anna vitne.

Politiet ville i går ikkje seie kven den etterlyste mannen er, men Bergens Tidende har fått stadfesta frå sikre kjelder at det er snakk om 35-åringen som gjekk frå Meieriet saman med Karterudseter.

— Vi understrekar at han ikkje er mistenkt i saka. Vi ønskjer å snakke med han som vitne, seier politiadvokat Knut Broberg.

- Turen nemnt same natt

Alt tyder på at vitnet ikkje lenger er i Sogndal. Bergens Tidende har snakka med vitne som fortel at 35-åringen gjekk om bord på Sogn og Fjordane-ekspressen til Oslo torsdag kveld. Bussen gjekk frå Sogndal kl. 22.30, tre timar etter at Hedda Karterudseter var funne kvelt på hybelen sin.

Ting tyder på at politiet allereie medan mannen sat på bussen natt til fredag vart klar over at han hadde vore i kontakt med drapsofferet.

— Ein venn av meg vart tatt inn til eit langt avhøyr natt til fredag. Han fortalde då at denne mannen hadde vore i lag med Hedda kvelden før drapet, og at han var reist til Oslo med bussen, seier ein mann som kjende både Karterudseter og det etterlyste vitnet.

Sjåføren avhøyrt

Sjåføren på bussen sa til Aftenposten seint i går kveld at den etterlyste mannen satt på heilt til Oslo natt til fredag. Han vart ikkje kontakta av politiet under vegs. Dagen etter vart direktør Bjørn Nordberg i Firda Billag kontakta, med spørsmål om kven som hadde køyrt. Deretter vart sjåføren avhøyrt.

Politiet ville i går ikkje svare på spørsmål om kva dei veit om det etterlyste vitnet - korkje om dei har teoriar om kvar han kan opphalde seg, eller om dei veit kva han gjorde i timane frå han vart sett saman med Hedda Karterudseter fram til han sette seg på bussen.

STATUS SOM VITNE: - Vi understrekar at mannen ikkje er mistenkt i saka. Vi ønskjer å snakke med han som vitne, seier politiadvokat Knut Broberg om den 35 år gamle mannen dei er på utkikk etter.
RETNING SKULEN: På denne gangvegen vart Hedda Karterudseter sett for siste gong natt til torsdag, ca. 500 meter frå Sogndal Folkehøgskule. Ho var då saman med den namngitte 35-åringen som nå er borte.