Dei NSB-tilsette reagerte på mannen og tok difor kontakt med Voss lensmannskontor, melder avisa Hordaland.

— Me fann ut det beste var å få han på toget ned til Voss, så kunne me ta oss av han, fortel politibetjent Fred Inge Eilertsen til Hordaland.

Det synte seg at mannen var etterlyst av politiet i Bergen, og han vart difor frakta dit. opplyser Voss lensmannskontor.