Alle kjøretøy og personar som var innom Shellstasjonen i sentrum mellom 06 og 08 drapsmorgonen er identifisert. Tidlegare i dag mangla politiet namnet på ein mann, som var innom Shellstasjonen litt over klokka 06 om morgonen den 6. juni.

Vitnet har no meldt seg, seier lensmann Kjell Fonn til bt.no.

— Han har ikkje komme med opplysningar av interesse for saka, seier lensmann Kjell Fonn i Førde.

Mannen tok kontakt fredag ettermiddag etter at politiet ba han melde seg.

— Vi har tidlegare vore i kontakt med mannen, men har ikkje kobla han med bildet frå bensinstasjonen, seier Fonn.

Dei øvrige vitna frå området rundt drapsstaden den aktuelle morgonen, som politiet har etterlyst ei rekke gonger, har heller ikkje meldt seg.

Dette gjeld ein eller to syklistar, ein kvinnleg fotgjengar og førarane av to personbilar.