Ein person er observert gåande på gangvegen mellom Kulturhuset og Amfisenteret kring klokka 02.45.

— Personen kom i retning frå gjerningsstaden. Me ser på dette som eit potensielt godt og viktig vitne og ber om at vedkommande tek kontakt, seier lensmann Reidar Færestrand.

Få minutt etter er ein personbil observert kjørande frå parkeringa ved Amfisenteret før han tok av mot riksvegen. Politiet er også interessert i kva potensielle vitnar i bilen kan ha sett.

Ein halvtime seinare gjekk ein person langs Amfisenteret mot Kjøtteinsbakken. 10 politimenn jobbar no intenst for å samla mest mogleg informasjon og koma i kontakt med folk som har vore på Leirvik mellom klokka 01.30 og 3.00 natt til laurdag.

Politiet har også sikra seg mot at tekniske spor frå til dømes overvakingskamera og basestasjonar for mobiltelefonar går tapt.

ÅSTEDET: I dette smauet skal valdtekten ha funne sted, seier lensmann Reidar Færestrand.
LENA VERMEDAL