• Det er fint at regjeringa satsar på bybane og Hardangerbrua. Men eg er forundra over at ikkje også Jondalstunnelen er med i denne «pakken».

Det er leiaren i Hordaland Senterparti, Sigrid Brattabø Handegard, som kjem med dette hjartesukket til Bergens Tidende. Ho er og varaordførar i Jondal.

Ho meiner at det tyder på lite handlekraft i regjeringa dersom ikkje vedtaket om å byggja Jondalstunnelen kjem med i denne omgangen, saman med dei to andre samferdselsprosjekta.

— Det einaste som no står att er ein bompengeproposisjon før det kan hentast inn anbod til tunnelarbeidet. Alt før ferien sende Hordaland fylkeskommune bompengesøknaden til Samferdselsdepartementet. Finansieringa er klar og stortingsfleirtalet er jo for tunnelen. Derfor skjønar eg ikkje dette, seier ho vidare.

Kostnadene kan stiga

— Kva trur du sjølv ligg bak?

— Spørsmålet er om det skuldast mangel på vilje. Lars Sponheim har aldri vore nokon stor forkjempar for Jondalstunnelen, og det same gjeld Høgre.

Men eg er viss på at den kjem, ikkje minst om det vert regjeringsskifte. Problemet er berre at ettersom tida går kan prosjektet bli dyrare, seier Sigrid Brattabø Handegard.