Politiet er svært interessert i å snakke med alle som var i området søndag ettermiddag og kveld, spesielt i tida frå rundt midnatt til ca. klokka 05.00 om morgonen.

Politiet sette i går i gang ein dør-til-dør-rundspørring blant naboane i området. Noko som gav resultater.

— Vi har m.a. fått opplysninger om ein bil som vart observert i området ca. kl. 04.15. Bilen kjørte i stor fart ut frå området og i retning Nesttun. Vi ønskjer å kome i kontakt med føreren av bilen - eller folk som har sett den. I tillegg vart det i 04.30-tida observert to personer i Hatlestadlia, som gjekk fra åstedet i retning Vallaheiene. Vi ønskjer kontakt med desse også, seier seier etterforskingsleiar og lensmannsfullmektig Geir Duesund ved Fana politistasjon.

Lovar 100.000 i brann-dusør

Ein liten månad etter at video-overvakinga av Solvalla Terrasse vart avslutta, slo brannstiftarar til på nytt. Enreprenøren lovar no 100.000 kroner i dusør.

Politiet i Fana kunne i går slå fast at alt tyder på at brannen i terrasseblokkene i Hatlestadlia 145 var påsett. Ved kvar av inngangsdørene til dei fire totalskadde husværa var det spor av at det var gjort opp varme.

— Eg er heilagt overtydd om at det var dei same folka som tende på her i vinter, seier entreprenør Magne Heldal.

27. februar prøvde ein eller fleire brannstiftarar å setje fyr på terrassseblokka berre 10-15 meter unna husværa som no er brannherja. Den gongen hadde dei tatt seg inn i det halvferdige huset, stabla opp materiale mot veggen og sett fyr. På grunn av kraftig regnver og våte materialar fekk ikkje flammane skikkeleg tak.

Ein månad tidlegare vart alle gipsplatene i same etasje sparka i stykker, og det har også vore hærverk med sundklypping av elektriske kablar på byggjeplassen.

Brann på fire plassar

Brannstiftarane frå i vinter er ikkje funne. Entreprenør Magne Heldal lova ut 10.000 kroner i dusør for opplysingar som kunne føre til at dei vart tatt, utan resultat. No tidoblar han summen. Sidan i vinter har Securitas patruljert på byggjeområdet kvar einaste helg. Heldal sette også opp eit videokamera som overvaka byggjeplassen dag og natt. Kameraet vart demontert like før ferien fordi byggjearbeida var komne så langt.

— Skulle nesten tru at dei som har tent på har vore informert om at kameraet var tatt ned, seier prosjektleiar Truls Birkeland, som i går måtte innsjå at dei fire brannskadde husværa på toppen i femte etasje må rivast heilt ned. I tredje og fjerde er det vasskadar, medan første og andre etasje ser ut til å ha sloppe heilt unna. Kriminalteknikarar frå politiet tok til på arbeidet med å gå igjennom branntomta i går, og held fram i dag.

— Det ser ut til at brannen har tatt til på fire ulike plassar ved utveggen, seier lensmannsfullmektig Duesund.

Unggutar med alibi

Brannen vart meldt klokka 04.12 natt til i går, og var først sløkt i 07.30-tida. Starttidspunktet for brannen er ikke klarlagt, men etterforskningsleder Geir Duesund trur brannen har starta etter klokka 02.30. Då hadde Securitas sin siste inspeksjon i området. Likevel kan brannen ha ulma ei god stund før dette tidspunktet.

— Vi etterforskar saka breitt. Motiva kan ha vore mange; alt frå hemn eller økonomiske motiv til pyromani eller barnestrekar, seier Duesund. Så seint som i førre veke vart ein serie småbrannar i Fana oppklara. To 15-åringar hadde sett fyr sju ulike plassar. Politiet var i går i kontakt med fleire som har vore tatt for brannstifting i Fana den siste tida.

– Dei mest aktuelle ser ut til å ha alibi, og vi har ingen mistenkte så langt, seier Duesund.

- Må vere sjuke folk

Entreprenør Heldal meiner brannstiftarane har gått målretta til verks.

— Dette er ikkje gutestrekar. Dei har tent på på toppen av huset, der vi ikkje var ferdige med å gipse. Dermed fekk flammane fritt spelerom. Dei har også vald den plassen der det kunne brenne lengst før brannen ville bli oppdaga, seier Heldal. Han betaler gladeleg ut 100.000 kroner for å få tatt brannstiftarane.

— Det skal trass alt bu folk her. Vi må få sett ein stoppar for dette. Eg føler at det må vere sjuke folk som står bak, seier Heldal.

Han hadde i går ikkje vore i kontakt med alle dei huskjøparane som er ramma av brannen. Fana Sparebank, som har stått for salet, har sendt ut brev til alle med innkalling til informasjonsmøte førstkommande onsdag. Bygget var forsikra, men det var i går ikkje klarlagt kven som skal dekkje kostnadene eller kor mange millionar kroner det vart øydelagt for natt til i går.