Offeret, ein 52-åring, har forklart at han vart overfalle og truga av ein mann med bergensdialekt kl. 23.15.

— Mannen ville ha pengane hans. 52-åringen nekta og prøvde å springe vekk, men snubla og fall, seier politioverbetjent Tove Lian Mathiesen ved Bergen sentrum politistasjon til bt.no.

Trugslane heldt fram medan 52-åringen låg nede, og han gav til slutt frå seg eit mindre pengebeløp.

— Etter dette vart han slått med eit belte med naglar eller liknande, seier Lian Mathiesen. Ransofferet fekk eit kutt over eine auget, og ringde sjølv og varsla politiet rett etter overfallet.

Gjerningsmannen var mellom 30 og 33 år gammal, ca. 175-180 cm høg, hadde smalt andlet og middels langt, litt bølgja og lyst blondt hår. Han snakka bergensdialekt og hadde nordisk utsjånad.

Politiet er interessert i å snakke med alle som kan ha sett noko av interesse på eller rundt Nykirkeallmenningen i det aktuelle tidsrommet.