MARIT BENDZ

I dag gjekk politiinspektør Ronny Iden ut med fem nye observasjonar av folk som han ber melde seg. Han understrekar at det er som vitne dei vert etterlyste.

Kring kl. 06.00 natt til søndag, vel ein time før Anne Slåtten vart drepen, var ein mann mellom 30 og 40 år på leiting etter skyss til Angedalen. Mannen var mørk blond med noko rufsete hår, smalt andlet, bart og sped kroppsbygnad. Han bar svart jakke og ei skitten dongeribukse. Truleg snakka han lokal dialekt, men vitnet, som sjølv har budd i Angedalen ein periode tidlegare, hadde aldri sett mannen før.

Då han fell avslag, gjekk han i retning Angedalsvegen. Vitnet køyrde seinare i same retning utan å sjå meir til mannen.

— Vi ynskjer at vedkommande tek kontakt, evt. at nokon som kjenner mannen eller tok opp ein haikar til Angedalen kontaktar oss, seier Iden.

Eit anna vitne såg ein syklist i mørk jakke med hette kome i stor fart over Fossebrua ved Viesenteret og ned Angedalsvegen kring 07.05 same morgon. Han hadde markert andlet, var mellom 25 og 40 år, truleg litt tynn og i underkant av 1.80 høg.

Også måndag er det kome inn to nye, interessante observasjonar. Klokka 09.10 fanga eit videokamera på Esso-stasjonen i Sentrum Sør ein person i mørk hettegenser på veg mot sentrum.

Han hadde ikkje hetta på, men ei mørk lue på hovudet. Mannen kan ha kome over gangbrua frå Førdehuset. Politiet vil gjerne ha kontakt med denne personen. Ein mann med svart hettegenser vart observert ein halv time tidlegare ved gjerningsstaden. Dette treng ikkje vere same person, understrekar Iden. Det mest karakteristiske med denne personen er den lyse firkanten på genseren/jakka.

Ein ny syklist vart sett ved parkeringsplassen til Førde ungdomsskule på den tida Anne Slåtten vart funnen, dvs kring 12.25 måndag. Frå baksida av drapsstaden går det ein sti opp hit.

Syklisten trakka ståande i stor fart på ein gammal damesykkel som skramla. Han var kring 20 år, kanskje noko eldre, kring 1.80 høg, tynn med mørkt blondt hår. Han hadde svart munkejakke med hetta snørt att og ein gråmelert vest utanpå.

Også ein flaskesamlar i raudrutete jakke eller genser som var ute natta før Anne Slåtten vart drepen, vert no beden om å melde seg. I det heile trur politiet at langt fleire personar som var ute denne natta og morgonen kan ha noko å fortelje som kastar nytt lys over saka, og ber igjen alle som var i Førde sentrum på dette tidspunktet ta kontakt på tlf. 57 72 37 00.

Politiet i Førde har til no fått inn 564 tips i drapssaka, og har gjort 1275 forhøyr. Sjukepleiarstudent Anne Slåtten vart drepen på veg til jobb på Førde Helsetun søndag 6. juni.

ETTERLYST: Mannen med svart hettegenser er fanga opp av eit videokamera på Esso-stasjonen i Førde sør måndag morgon kl. 09.10.
ETTERLYST: Denne mannen prøvde å få haik til Angedalen kl. 06.00 søndag morgon.