EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Dei tre jentene er seks, sju og ti år gamle, og skal ha vorte lokka inn i bilen til mannen måndag ettermiddag på parkeringsplassen ved Oasen.

Mannen skal deretter ha kjørt til ein parkeringsplass i nærleiken av Auto 23 i Fyllingsdalen. Der skal mannen ha forgripe seg seksuelt på dei tre jentene. Dei har deretter vorte kjørt til ein busstopp ved Fyllingsdalen idrettshall, der dei vart sleppt av.

— Jentene beskriv mannen som vaksen, med kort mørkt eller grått hår, med gul eller beige genser og blå dongeribukser. Bilen var stor og mørk med sota glas, og med ein stige bakpå. Truleg er det snakk om ein van, seier politibetjent Ole Jakob Malmo ved Fyllingsdalen politistasjon.

Mannen skal ha fått jentene inn i bilen ved å lokke dei med pengar.

Jentene har skildra overgrepa, utan at politiet vil seie meir enn at det er snakk om ei alvorleg sak og utuktig omgang med mindreårige.

Politiet vart kontakta av foreld-ra til den eine jenta same kveld.

— Vi set lit til det jentene har forklart, og ser ingen grunn til å tvile på at dei snakkar sant, seier politibetjent Malmo.