• Bedre merking av seglingsleiene er det absolutt viktigaste tiltaket for å bedre hurtigbåt-tryggleiken. Men no opplever vi at den tragiske «Sleipner»-ulykka er komen såpass på avstand at dei nødvendige midlane ikkje lenger blir løyvde, seier Ottar J. Aare i Hurtigbåtenes Rederiforbund (HRF).

PER MARIFJÆREN

For like etter «Sleipner»-havariet var det ikkje måte på politisk vilje til å oppgradere merkinga av leiene. Det skulle ikkje stå på pengane, var omkvedet den gangen.

Men i forslaget til Nasjonal Transportplan ligg berre smular av det som faktisk trengst for å oppgradere tryggleiken for hurtigbåtane. Saman med HRF-styreformann Per Vold var Aare i førre veke inne til Stortingets høyringar om transportplanen, der dei la fram si uro over dei manglande midlane.

— Vårt krav er at Kystverket får langt større og øyremerka midlar til å utføre dette arbeidet slik planen var, seier Aare. - Tidlegare løyvde polititikarane ein pott, men no er det altfor magert.

Ifølgje ein plan som vart utarbeidd etter «Sleipner», ville ei forsvarleg merking koste hundre millionar kvart år over ein tiårsperiode. Hittil har løyvingane ikkje vore over 30 millionar noko år.

— Dette må i alle fall doblast, dersom politikarane meiner noko med løfta sine, seier han.

Aare peikar på at næringa sjølv har tatt ansvar i etterkant av dei to store hurtigbåt-ulykkene på Vestlandet, «Sea Cat»-havariet i 1991 og «Sleipner» (1999), og gjennomført oppgraderingar av tekniske ting som eksempelvis seteinnfestingar og livbelter. No meiner han at staten må ta sin del av ansvaret meir alvorleg.

— Det er svært viktig at staten no følgjer opp, for ute blant våre medlemmer finst det ikkje tvil om at bedre merking er det viktigaste tiltaket for å heve tryggleiken.

Han påpeikar at mykje av hurtigbåttrafikken går i svært trange og uoversiktlege farvatn, og under svært variable væreforhold.

— I desse trange leiene må ein navigere kun etter det visuelle. Vi vil ha dei bedre merka med fastmonterte, indirekte lys, slik at båtførarane lettare kan bedømme avstand og posisjon, seier Aare. - Det er snakk om relativt billeg utstyr, med tanke på kor store katastrofer som kan bli avverga.

Blant politikarane som fekk høyre argumentasjonen frå HRF var nestleiar Jorunn Ringstad i Stortingets samferdslekomité, som har stor sans for krava dei fremma.

— Vi må berre vedgå at løyvingane til dette arbeidet har vore for små, seier Ringstad til Bergens Tidende. - Der leia er blitt merka, har erfaringane vore gode.

Ringstad er uroa over at sikringsarbeidet blir skippertak etter større ulykker, og at innsatsen sidan dabbar av.

— Slik blir vi stadig liggande på etterskot. Vi vil no prøve å ta tak i dette, seier Ringstad, som håpar at potten kan aukast.

UTEBLIR: Like etter «Sleipner»-forliset var viljen til å oppgradere merkinga av leiene stor. - No uteblir dei nødvendige midlane, seier Ottar J. Aare i Hurtigbåtenes Rederiforbund.<br/> ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ