Politiet i Sogn og Fjordane jaktar no på dei to, og etterlyser ein gråfarga personbil av merket Renault Clio med kjenne-tegn AJ 54570 som vart sett på veg ut av Årdalstangen etter ranet.

På bakrommet

— Vi har ikkje nokon som helst sikre indikasjonar på at dette verkeleg er ransbilen, men vi er svært interesserte i å komme i kontakt med føraren av den, seier Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjor-dane politidistrikt.

— Kva bør publikum gjere dersom dei ser denne bilen?

— Dei bør varsle politiet, og ingenting anna. Dei må ikkje prøve å ta kontakt med føraren eller foreta seg noko anna. Vi vil berre snakke med føraren, for å finne ut om der er nokon samanheng med det som har skjedd, seier Eggen.

Skytevåpen

Minst eitt skytevåpen, politiet trur det kan vere ei avsagd, eittløpa hagle, blei brukt under ranet av Kiwi-butikken på Årdalstangen i Sogn. Ranarane skal ha fått med seg ein ukjent sum pengar.

Ifølgje dei sparsame opplysningane frå politiet skjedde ranet ca. klokka 10.30. Dei to ranarane oppsøkte kontoret bak i butikken, og truga til seg pengane med det politiet trur kan vere ei avsaga hagle.

I kortbukser

Butkkbestyraren var aleine på kontoret da ranarane kom inn, og det hele gjekk svært raskt og ubemerka føre seg. Ikkje eitt ord vart veksla, ranarane berre truga butikksjfen med våpenet. Han kom ikkje fysisk til skade, og er torsdag ettermiddag framleis i avhøyr hjå politiet i Årdal.

Dei øvrige butikktilsette ikkje oppfatta at det skjedde noko uvanleg.

— Vi har eit signalement som går på at det er snakk om to menn på ca 1,80 meter, lyse i huda og iført finlandshetter, seier Eggen.

— Den eine hadde blå kort-bukse og ei militærgrøn jakke på seg, den andre rød kortbukse og kvit t-shirt med tekst på magen.

— Kor mykje fekk ranarane med seg?

— Det vil eg ikkje kommentere, inntil vidare.

— Kva retning tok ranarane?

— Det har vi ikkje noko formeining om, Clioýen vart sett på Årdalstangen, seier Eggen.

Ifølgje Eggen har politiet i Sogn og Fjordane alarmert politidistrikta i nabo-fylka. Frå Årdalstangen er det ferjefri veg for ranarane både over fjellet til Austlandet og i retning Hordaland og Bergen.

— Vi har patruljar som leiter etter ranarane, og også utplassert vegpostar på strategiske punkt, seier Eggen til Bergens Tidende.

Bt.no følgjer saka vidare utover dagen.