Det stadfestar lensmann Kjell Fonn. Den eine er kvinna Bergens Tidende omtalte i går. Ho blei sett ved busshaldeplassen like ved Førdehuset klokka 0715. Ho gjekk då mot sentrum.

— Kvinna som var på veg mot sentrum er sett av ein kvinneleg bilførar som køyrde oppover Angedalsvegen, seier lensmannen.

— Har bilføraren som var på veg oppover Angedalsvegen, gjort andre interessante observasjonar?

— Det vil eg ikkje kommentere.

Busshaldeplassen ligg berre kring 50 meter frå skogholtet der drapet fann stad. Anne Slåtten gjekk frå hybelen i Hamretunet klokka 0650. Normalt vil ho bruke i overkant av 20 minutt til Vaskarvolden, der drapet fann stad.

Dei tre kvinnene politiet etterlyste fredag, har ikkje meldt seg. I tillegg til kvinna på busslommen ved Førdehuset, gjeld dette ei kvinne som kom ut i Angedalsvegen frå krysset ved Grovene i tidsrommet 0710-0715. Politiet etterlyser dessutan ei lyshåra kvinne som er sett ved sjukepleiehøgskulen, men mykje tyder på at dette er Anne Slåtten.

— Vi er framleis svært interesserte i å komme i kontakt med desse kvinnene som vitne, og vi ber dei melde seg, seier lensmannen.