HILDE KRISTIN STRAND

Eit vitne såg fire unge menneske som gjekk i retning folkehøgskulen mellom kokka 2 og 3 den same natta som Hedda Karterudseter vart drepen. Desse personane ønskjer politiet no å koma i kontakt med.

— Me presiserer at me ønskjer å koma i kontakt med dei som vitne, seier politiadvokat Knut Broberg til bt.no.

Vitnet har forklart at det var to gutar og to jenter som gjekk nynnande eller syngjande på ein sykkelsti på veg frå sentrum.

— Du seier dei er unge. Er dei 17 eller 30?

— Det veit me ikkje enno. Det er sagt at dei er unge/ungdommar. Dei kan vera i studentalder. Det er ikkje snakk om godt vaksne eller eldre personar, seier Broberg.

Politiadvokaten fortel at ei av jentene hadde ei lys jakke på seg. Dei andre var kledd i mørke klede.

— Det kan henda at dei meiner dei ikkje har noko å melda, men me ønskjer likevel å koma i kontakt med dei, seier Broberg til bt.no.