Bilen hadde registreringsnummer SR 35366, og vart stolen på Eidsvåg natt til torsdag. Han vart deretter sett i Kong Oscars gate torsdag formiddag, før han dukka opp utanfor lokala til Lyd, Lys & Karaoke i Kong Oscars gate kl. 17.

Bar ut ting i Kalvedalsveien

Medan bilen stod parkert utanfor butikken, gjekk to ranarar inn, maskert med strikkeluer og solbriller. Dei spraya den 18 år gamle ekspeditøren med peparspray, før dei slo han ned og lenka han til eit bord med handjern. Også ein kunde vart spraya og slått ned, før dei to mennene forsvann ut med kostbart lydutstyr i svarte søppelsekker.

— Fluktbilen vart etter ranet observert både i Erik Pontoppidans gate og Rikard Nordråks gate, seier politioverbetjent Tove Lian Mathiesen ved Bergen sentrum politistasjon.

Deretter vart to eller tre menn sett ved bilen i Kalvedalsveien, i ferd med å bere ut gjenstandar frå bilen.

Snakka austlending

— Vi er usikre på om sat ein sjåfør og venta i bilen under ranet, eller om dei to ranarane var aleine, seier Lian Mathiesen. Fluktbilen vart attfunnen i Kalfarlien klokka 18.30, halvannan time etter ranet.

— Vi er interessert i å få kontakt med alle som kan ha sett bilen i tidsrommet frå han vart stolen på Eidsvåg fram til vi fann han i Kalfarlien, seier Lian Mathiesen.

Ransoffera har forklart at dei to mennene snakka austlandsdialekt.

— Vi har ein del trådar vi må nøste i, men ingen mistenkte ennå, seier Lian Mathiesen.